Vidar Bjørnstad
Vidar Bjørnstad | |||
![]() Vidar Bjørnstad i Stortinget Foto: Lars Røed Hansen | |||
Fødd | 1. september 1955 (69 år) Tolga kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar, fagforeiningsleiar | ||
Utdanna ved | Universitetet i Oslo George Washington University | ||
Alle verv |
|
Vidar Bjørnstad (fødd 1. september 1955) er ein norsk Arbeidarparti-politikar frå Tolga i Hedmark. Han var stortingsrepresentant for Akershus frå 1993 til 2009.
Bjørnstad arbeidde i Amnesty International 1984–85 og i LO frå 1985 til –93, mellom anna i to år som personleg sekretær for leiaren av LO. I 1993 vart han vald inn på Stortinget for Arbeidarpartiet i Akershus fylke, og vart deretter attvald tre gongar. I sin fyrste periode på Stortinget var han medlem av sosialkomiteen, i den andre nestleiar av justiskomiteen. Perioden 2001-05 var han medlem av kyrkje-, utdannings- og forskningskomiteen, medan han i sin siste periode var medlem av utanrikskomiteen.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Vidar Bjørnstad» frå Wikipedia på bokmål, den 27. juni 2013.