Vikeså

Vikeså
tettstad
Land  Noreg
Fylke Rogaland
Kommune Bjerkreim
Areal 0,95 km²
Folketal 1 003  (2022)
Folketettleik 1 056 / km²
Postnummer 4389 VIKESÅ

Vikeså
58°37′60″ N 6°6′0″ E

Vikeså er administrasjonssenter i Bjerkreim kommune, sør i Rogaland fylke. Vikeså ligg attmed Europaveg 39 eit par mil sør for Ålgård. Tettstaden har 1 003 innbyggjarar per 1. januar 2017.

FN-parken

FN-parken ligg attmed E39 sør på Vikeså (58°37′46″ N 6°5′1″ E), med ein bauta til minne over den første norske soldaten som omkom i FN-teneste.[1] Berre 20 år gamal vart Anbjørn Ingolf Gjedrem drepen av bajonettstikk 15. desember 1957 av ukjende inntrengjarar i Rafah-leiren, der han tenestegjorde for DANOR III-bataljonen til UNEF.[2] Tidlegare FN-ambassadør Ole Ålgård stod for avdukinga av minnebautaen, som vart reist av Rogaland FN-veteranforening, på FN-dagen i 1994. I 2005 vart der reist åtte miniatyrbautaer over dei andre frå Rogaland som har omkome i FN-teneste.

Sjå òg

Kjelder

Førehandsvising av kjelder

  1. Ingeborg Eliassen (29.05.2006). «Tjeneste setter spor» (på norsk). Stavanger Aftenblad. Henta 31.03.2020. 
  2. Stavanger Aftenblad 1957.12.23. Stavanger, Rogaland, Noreg. 23.12.1957. s. 1 og 10.