Villvinslekta
Villvinslekta | |
![]() | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Vinrankeordenen Vitales |
Familie: | Vinrankefamilien Vitaceae |
Underfamilie: | Vitoideae |
Slekt: | Villvinslekta Parthenocissus Planch., 1887 |
Villvin (Parthenocissus) er ei planteslekt i vinrankefamilien. Ho inneheld rundt 13 artar som alle er villige klatre- eller slyngplantar. Det vitskaplege namnet kjem frå gresk parthenos, «jomfru» og kissos, «eføy».


Skildring
Alle villvinartane er lauvfellende, forveda klatreplantar (lianar). Dei klatrar ved hjelp av slyngtrådar som har 4–12 greiner. Trådane har som regel hefteskiver. Blada er heile eller tre-, fem- eller sjukopla. Dei små, grøne blomane er tvikjønna og femtalige. Dei sit i ein forgreina klase. Frukta er eit blått bær med 1–4 frø. Blada har ein sterk, raud haustfarge.
Utbreiing
Villvin er utbreidd i tempererte og tropiske delar av Asia og Nord-Amerika. I Asia finst det omtrent ti artar som er utbreidde frå Mandsjuria, Korea og Japan i nord sørover til Indonesia og vestover til India. Det finst tre artar frå austlege og sentrale Nord-Amerika; ein av disse finst også sørover til Mellom-Amerika og Karibia. I miocen og pliocen fanst slekta også i Europa saman med mange andre varmekrevjande planter som seinare forsvann frå verdsdelen.
Fleire artar av villvin er blitt innført til andre delar av verden og brukt som dekorative klatreplantar. I Noreg er det særleg 3 artar som er planta:
- alminneleg villvin (Parthenocissus vitacea) – Slyngande (uten hefteskiver), med 3-5 greiner. Blada er 5-kopla utan skaft. Villvinen er ogfte brukt til å kle husveggar, verandaer o.l. Blada blir raude om hausten. – Det finst ca. 3 underartar (variantar).
- klatrevillvin (Parthenocissus quinquefolia) – 5-12 greiner. Rankene hefter seg til flater med hefteskiver. Blada liknar på dei til vitacea, men er mindre, og med eit lite skaft. Fruktene er blå som mogne, men blir sjeldan mogne i Noreg. Blada blir klart raude om hausten. Planten blir brukt til å kle murveggar og fjellvegger, ettersom han fester seg direkte på underlaget. Det finst ca. 5 underartar (variantar).
- rådhusvillvin (Parthenocissus tricuspidata) – Mangegreina. Har kraftige, trelappa blad og hefteskiver på rankene. Villvinen er mindre hardfør enn dei andre to artane, og blir av den grunn berre brukt i kystnære strøk. Han dekker husveggar og murveggar som et teppe. Det finst ca. 7 underarter (variantar).
Artar
Frå Asia
- Tre blad:
- Parthenocissus chinensis
- Parthenocissus heterophylla, frå Kina og Taiwan
- Parthenocissus semicordata, frå Himalaya
- Parthenocissus feddei
- Fem blad:
- Parthenocissus henryana, frå Kina
- Parthenocissus laetevirens
- Eit eller tre blad:
- Parthenocissus dalzielii, frå Aust- og Søraust-Asia
- Parthenocissus suberosa
- Parthenocissus tricuspidata, rådhusvillvin, frå Aust-Asia
Frå Nord-Amerika
- Sju eller fem blad:
- Parthenocissus heptaphylla, frå Texas og Mexico
- Parthenocissus vitacea, vanleg villvin, frå vestlege og nordlege Nord-Amerika
- Parthenocissus quinquefolia, klatrevillvin, frå austlege Nord-Amerika
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Villvin» frå Wikipedia på bokmål, den 12. oktober 2016.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Den store hageboken. Det Beste. 1973. s. 583. ISBN 82-7010-019-6.
- «Parthenocissus». Flora of China. Henta 10. juni 2016.
- Ze-Long Nie m.fl. (2010). «Molecular phylogeny and biogeographic diversification of Parthenocissus (Vitaceae) disjunct between Asia and North America». American Journal of Botany 97 (8): 1342–1353. ISSN 1537-2197. JSTOR 27857352. PMID 21616887. doi:10.3732/ajb.1000085.
- G. Jiménez-Moreno og J.-P. Suc (2007). «Middle Miocene latitudinal climatic gradient in Western Europe: evidence from pollen records» (PDF). Palaeogeography, Palaeoclimatology, Palaeoecology 253 (1–2): 208–255. ISSN 0031-0182. doi:10.1016/j.palaeo.2007.03.040.
- G. Jiménez-Moreno m.fl. (2007). «Neogene flora, vegetation and climate dynamics in southeastern Europe and the northeastern Mediterranean». I M. Williams m.fl. Deep-Time Perspectives on Climate Change: Marrying the Signal from Computer Models and Biological Proxies (PDF). The Micropalaeontological Society, Special Publications. The Geological Society. s. 503–516. ISBN 978-1-86239-240-3.