Volvo Personvagnar

Denne artikkelen handlar om bilmerket Volvo Personvagnar. For andre Volvo-føretak, sjå Aktiebolaget Volvo.
Volvo Personvagnar AB


Штаб-квартира Volvo Cars в Гётеборге Sjå dette på Wikidata
Org.formAksjeselskap
Svensk orgnr.556074-3089
BransjeBilindustri
Skipa1927
EigarZhejiang Geely Holding Group
MorselskapZhejiang Geely Holding Group
Eigenandel iVolvo Trademark Holding
HovudkontorGöteborg i Sverige
LandSverige
Produktbil
Grunnleggjar(ar)Assar Gabrielsson, Gustaf Larson
Adm.dir.Håkan Samuelsson[1]
Tilsette27 339 personar
Salsinntekter22 332 000 000 svensk krona (2022)[2]
Omsetnad22 332 000 000 svensk krona (2022)[2]
Resultat17 003 000 000 svensk krona (2022)[2]
Nettstadhttp://www.volvocars.se
Volvo ÖV4
Volvo PV 544
Volvo P1800
Volvo Amazon
Volvo 850 stasjonsvogn
Volvo XC90

Volvo Personvagnar/Volvo Car Corporation er ein personbilsprodusent eigd av det kinesiske føretaket Zhejiang Geely Holding Group [3], men var opphavleg eit svensk føretak. Ordet Volvo kjem frå latin og tyder «eg rullar».

Historie

25. juli 1924 bestemte Assar Gabrielsson og Gustav Larson seg for å utvikle ein «svensk bil laga av svensk stål». Offisielt kjent som Volvo ÖV4 og med klengenamnet «Jakob», forlet den fyrste bilen verkstaden den 14. april 1927, og med det var Volvo fødd. Den overbygde PV4 oppstod det same året, og den fyrste eksporten starta i 1928.

I 1998 blei personbildivisjonen i Volvo-konsernet kjøpt av Ford Motor Company. Denne transaksjonen førte til at volvokonsernet blei splitta. Men dei andre avdelingane til AB Volvo med lastebilar, bussar, anleggsmaskinar og båtmotorar tilhøyre framleis det børsnoterte konsernet Aktiebolaget Volvo. I 2010 vart Volvo personvagnar seld til det kinesiske føretaket Zhejiang Geely Holding Group‎.[3]

Modellar

I produksjon på 20-talet

  • Volvo ÖV4
  • Volvo PV4

I produksjon på 30-talet

I produksjon på 40-talet

  • PV 444

I produksjon på 50-talet

  • PV 444 og PV 544
  • Amazon (kalla 120-serien utanfor Norden)

I produksjon på 60-talet

  • PV 544
  • Amazon (kalla 120-serien utanfor Norden)
  • P1800S og 1800ES
  • L-3314 Laplander
  • 140-serien: 142, 144 og 145
  • 164

I produksjon på 70-talet

I produksjon på 80-talet

  • 240-serien: 242, 244 og 245 (seinare blei alle kalla 240)
  • 260-serien: 262c, 264 og 265
  • 300-serien: 360
  • 400-serien: 440, 460 og 480
  • 700-serien, 740, 760 og 780

I produksjon på 90-talet

  • 400-serien: 440, 460 og 480
  • 850
  • 900-serien, 940 og 960 (960 blei kalla S90/V90 dei siste produksjonsåra)
  • S40 og V40
  • S80

I produksjon frå år 2000

  • C30
  • S40 og V40
  • V50
  • S60
  • S70, V70, XC70 og C70
  • S80
  • XC90
  • XC60

Referansar

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Volvo Personvagnar