Wheel of Fortune
![]() | |||
Type | fjernsynsserie | ||
---|---|---|---|
Sjanger | Game show | ||
Opphavsland | USA | ||
Episodar | 7 100±99 | ||
Lengd | 30 minutt | ||
Språk | engelsk | ||
Skapar | Merv Griffin | ||
Produsent | Merv Griffin | ||
Kanal | NBC |
Wheel of Fortune er eit amerikansk gameshow som har gått på TV sidan 1975. Programmet går ut på at ein ved hjelp av bokstaver ein har framfor seg, skal løysa ord-puslespel inspirert av spelet hangman. Deltakarar kan vinne kontantar som premie, og gevinsten blir avgjort av eit stort lykkehjul. Programmet vart skapt av Merv Griffin.
Wheel of Fortune hadde premiere på NBC 6. januar 1975. Det blei då sendt på dagtid. Det vart sendt heilt frem til 30. juni 1989. Den 17. juli 1989 var serien tilbake på skjermen igjen, med denne gongen blei serien sendt på TV-kanalen CBS på dagtid. Etter dette ble serien flyttet tilbake til NBC den 14. januar 1991. Det blei slutt på sendingane igjen kort tid etter, 20. september 1991. Etter dette startet de også å sende programmet på kveldane, ettersom det var så mange som følgde med på det.
Wheel of Fortune er det amerikanske gameshowet som har blitt sendt lengst på TV. I 2013 blei det rangert som nummer 2 på ei liste over dei 60 beste gameshowa nokon gang.[1] Det er blitt sendt over 6000 episodar av gameshowet siden det starta opp i 1975.
I Noreg hadde Knut Bjørsen eit liknande program kalla Lykkehjulet
Kjelder
- ↑ Fretts, Bruce (June 17, 2013). «Eyes on the Prize». TV Guide. s. 14–15.
- Denne artikkelen bygger på «Wheel of Fortune» frå Wikipedia på bokmål, den 1. november 2018.