Wikipedia:OTRS
![OTRS](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/d6/Wikimedia_Community_Logo-Mailservices.svg/100px-Wikimedia_Community_Logo-Mailservices.svg.png)
OTRS er eit akronym for Open-source Ticket Request System, eit e-postsystem som fungerer slik at brukarar sender e-post til ei fellesadresse, slik at friviljuge medarbeidarar i Wikimedia-stiftinga kan handsame og svare på ho. Det vert nytta mellom anna for å kommunisere med brukarar som ynskjer å vere anonyme på sjølve Wikipedia, for å gi generell hjelp om bruk av Wikipedia og syskenprosjekta, samt å registrere lisensløyver for innsendte media, slik som bilete, video- og lydfiler.
Det er to norskspråklege epostadresser:
- info-no@wikimedia.org, for saker som gjeld Wikipedia på norsk (nynorsk og bokmål)
- permissions-no@wikimedia.org, for saker som gjeld lisensløyver for bilete og anna innhald
Lisensløyver er alltid merka OTRS, som til dømes her:
Alle OTRS-medarbeidarar er bundne av taushetsplikt, slik at dei ikkje kan gi opplysninger om innhaldet i korrespondanse som er ført gjennom systemet på anna måte enn å referere til registreringsnummeret for slik korrespondanse.
Standardtekst på nynorsk
Standardtekst for løyve på Commons Commons:Commons:E-postmal.
Brukarar med OTRS-tilgang
- Hovudside: m:OTRS/personnel