Yessongs er det første konsertalbumet frå det engelskeprogressiv rock-bandet Yes, utgjeve i mai 1973. Innspelingane er hovudsakleg frå turneen for albumet Close to the Edge, men inneheld òg to innspelingar frå Fragile-turneen i 1971. Yessongs vart opphavleg gjeve ut som eit trippel-album, men er no utgjeve som dobbel-CD.
Filmen Yessongs vart òg gjeven ut i 1973, og dokumenterer ein konsert i Rainbow Theatre i London den 16. desember 1972. Berre to av innspelingane frå denne konserten er tilstede på albumet, «Close to the Edge» og «Würm» (avslutningspartiet frå «Starship Trooper»).
Albumet nådde sjuandeplassen på UK Albums Charts[3] og 12. plass på Billboard 200[4] i USA.
Yesterdays ·Classic Yes ·Yesstory ·Highlights: The Very Best of Yes ·Something's Coming: The BBC Recordings 1969–1970 ·Keystudio ·Yes Remixes ·The Ultimate Yes: 35th Anniversary Collection ·Yes, Friends and Relatives ·Greatest Hits Live ·The Best of Yes