1797
1797 (romartal MDCCXCVII) var eit vanleg år (utan skotdag) som byrja på ein sundag . Den franske revolusjonen og revolusjonskrigane prega dette året.
Hendingar
Utlandet
Flagget til Den cisalpinske republikken .
7. januar: Den cisalpinske republikken tok i bruk ein trikolor som skulle utvikla seg til det italienske flagget .
18. februar: Den spanske guvernøren av Trinidad overgav kolonien til ei britisk marinestyrke leia av Sir Ralph Abercromby.
22-24. februar: Siste invasjonen av Storbritannia, der styrkar frå det revolusjonære Frankrike gjekk i land i Wales , blei slått tilbake.
17. april: Sir Ralph Abercromby utførte eit mislukka åtak på San Juan på Puerto Rico .
12. mai: Revolusjonskrigane. General Napoleon Bonaparte erobra Venezia , som til då hadde hatt sjølvstende i over tusen år. Den siste dogen av Venezia, Ludovico Manin, gjekk av.
17. oktober: Freden i Campo Formio gjorde slutt på den første koalisjonen og krigen mellom Frankrike og Austerrike, første delen av revolusjonskrigane.
Robert Fulton konstruerte han ein u-båt, Nautilus, og testa han ut i Seinen .
Noreg
Fødde
Sjå òg Fødde i 1797 .
Døde
Mary Wollstonecraft , måla om lag det året ho døydde av John Opie.
Sjå òg Døde i 1797 .
22. februar: Karl Friedrich Hieronymus Freiherr von Münchhausen, tysk offiser kjend som eventyraren og løgnaren Baron von Münchhausen
2. mars: Horace Walpole, engelsk politikar
26. mars: James Hutton , skotsk nyskapande geolog
31. mars: Olaudah Equiano, afrikansk-britisk forfattar og slaverimotstandar, også kjend som Gustavus Vassa
9. juli: Edmund Burke , irsk filosof
10. september: Mary Wollstonecraft , britisk feminist og forfattar, etter fødselen av dottera Mary (Shelley)
9. oktober: Vilna Gaon, litauisk rabbinar
Agonglo, konge av Dahomey
The article is a derivative under the Creative Commons Attribution-ShareAlike License .
A link to the original article can be found here and attribution parties here
By using this site, you agree to the Terms of Use . Gpedia ® is a registered trademark of the Cyberajah Pty Ltd