200
200 var eit skotår som byrja på ein tysdag i den julianske kalenderen . I samtida i Romarriket var det kjent som året då Severus og Victorinus var konsular (eller sjeldnare, år 953 ab urbe condita ).
Hendingar
Septimius Severus vitja Syria , Palestina og Arabia .
Palestina fekk eit kraftig økonomisk oppsving grunna den økonomiske politikken til Severus.
Provinsen Numidia blei fjerna frå styret til den afrikanske prokonsulen og gjort om til ein keisarleg provins.
Den jødiske lærde Judah ha-Nasi kodifiserte Mishnah , byrjinga til danninga av den talmudske loven.
Clemens av Alexandria godkjende musikkinstrument til å vera støtte for menneskelege røyster i kristen musikk.
Den kinesiske krigsherren Cao Cao sigra over Yuan Shao i slaget ved Guandu.
I Japan auka Himiko (som hadde hovudstad i Yamatai) autoriteten sin over eit tal klanar.
Yuan Shao stilte opp ein hær med 100 000 mann og marsjerte til Xuchang .
Den klassiske æraen til mayakulturen blei innleia.
Folketalet i verda var omkring 257 millionar.
Fødde
Diofantos , gresk matematikar.
Marcus Claudius Tacitus, romersk keisar.
Valerianus I, romersk keisar.
Døde
Sun Ce, eldre bror til grunnleggjaren av kongeriket Wu , Sun Quan.
The article is a derivative under the Creative Commons Attribution-ShareAlike License .
A link to the original article can be found here and attribution parties here
By using this site, you agree to the Terms of Use . Gpedia ® is a registered trademark of the Cyberajah Pty Ltd