3. desember
3. desember er den 337. dagen i den gregorianske kalenderen (338. under skotår). Det er 28 dagar att av året.
Merkedag
Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar
Religiøs helgedag
Bevegelege heilagdagar som fell på 3. desember i 2024:
Namnedag
Noreg | Sveinung og Svein |
Sverige | Lydia |
Danmark | Svend |
Helgendag i den katolske kyrkja
Hendingar
Utlandet
- 1818: Illinois blei den 21. delstaten i USA.
- 1854: Eureka Stockade, eit gruvearbeidaropprør i Victoria i Australia, blei slått ned av delstatspoliti.
- 1904: Jupitermånen Himalia blei oppdaga av Charles Dillon Perrine ved Lick Observatory i California.
- 1912: Ein våpenkvile mellom Balkanligaen (Bulgaria, Hellas, Montenegro og Serbia) og Tyrkia, enda den første balkankrigen.
- 1944: Dekemvriana, 'desemberhendingane' som innleia den greske borgarkrigen, tok til i Aten då ein stor demonstrasjon ende med titals døde og over hundre såra.
- 1967: Ei gruppe legar leia av Christiaan Barnard utførte den første hjartetransplantasjonen på eit menneske.
- 1971: Krigen mellom India og Pakistan i 1971: India invaderte Vest-Pakistan i samband med uroa i Aust-Pakistan (Bangladesh).
- 1973: Pioneer 10 overførte dei første bildene av planeten Jupiter til jorda.
- 1984: Bhopalulukka. Gassutslepp frå ein amerikanskeigd insektmiddel-fabrikk i Bhopal i India drap 7 000.
- 1988: Etter eit møte utanfor Malta gav leiarane for Sovjetunionen og USA, Mikhail Gorbatsjov og George Bush, fråsegner om at den kalde krigen mellom landa deira kunne nærma seg slutten.
Noreg
- 1900: Ei offisiell folketeljing viser at det bur 2 239 880 menneske i landet.
- 1903: Stortinget vedtok forbud mot kvalfangst i territorialfarvatna ut for Nordland, Troms og Finnmark.
- 1920: Stortinget vedtok å opprette sokneråd i Den norske kyrkja.
- 1943: Den svenske regjeringa gav norske militære lov til å trena og utrusta 8 000 reservepolitisoldatar og 1500 rikspolitifolk på svensk jord.
- 1955: Krigsfangen Osvald Harjo vert sett fri etter 13 års fangenskap i Sovjetunionen.
Fødde
- Sjå òg Fødde den 3. desember.
- 1368: Kong Karl VI av Frankrike
- 1857: Joseph Conrad, polsk-britisk forfattar
- 1881: Mons Kårbø, fiskar og organisasjonsleiar
- 1886: Manne Siegbahn, svensk fysikar og nobelprisvinnar
- 1891: Kåre Fostervoll, politikar
- 1925: Kim Dae-jung, sørkoreansk politikar og nobelprisvinnar
- 1945: Karin Moe, forfattar
- 1957: Anne B. Ragde, forfattar
- 1965: Katarina Witt, tysk skeiserennar
- 1969: Halvard Hanevold, skiskyttar
- 1977: Adam Małysz, polsk skihoppar
Døde
- Sjå òg Døde den 3. desember.
- 1154: Pave Anastasius IV
- 1839: Fredrik VI av Danmark-Noreg
- 1888: Carl Zeiss, tysk fysikar og næringsdrivar
- 1894: Robert Louis Stevenson, skotsk forfattar
- 1900: Njeld Kolbenstvedt, norsk politikar
- 1919: Auguste Renoir, fransk kunstnar
- 1941: Christian Sinding, norsk komponist
- Pavel Filonov, russisk målar
- 1996: Babrak Karmal, afghansk president
- 2005: Kåre Kristiansen, norsk politikar