6. desember
6. desember er den 340. dagen i den gregorianske kalenderen (341. under skotår). Det er 25 dagar att av året.
Merkedag
Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar
Sjølvstendedag i Finland |
Religiøs helgedag
Bevegelege heilagdagar som fell på 6. desember i 2024:
Primstaven
- Nilsmesse til minne om biskop Nikolas av Myra, markert med bispehatt, bispestav, kross, hjule eller orm. Sidan Nikolas var helgen for sjøfolk skulle ingen vera til sjøs denne dagen.
Namnedag
Noreg | Nils og Nikolai |
Sverige | Nikolaus og Niklas |
Danmark | Nicolaus |
Helgendag i den katolske kyrkja
Hendingar
Utlandet
- 1058: Gerard av Burgund blei pave Nicolaus II.
- 1492: Christopher Columbus oppdaga den karibiske øya Hispaniola.
- 1904: Verdas første julemerke kom ut i Danmark.
- 1917: Finland erklærte sjølvstende frå Russland.
- 1921: Republikken Irland fekk sjølvstende frå Storbritannia.
Noreg
- 1946: Opprettinga av Heimevernet, etter modell av heimefrontstyrkane under andre verdskrigen.
- 1959: M/S «Elfrida» av Trondheim forliste utanfor Jæren og 20 mann omkom.
Fødde
- Sjå òg Fødde den 6. desember.
- 1841: Frédéric Bazille, fransk målar
- 1845: Hans Haga den eldre, bonde og politikar
- 1885: Birger Sjöberg, svensk forfattar og musikar
- 1896: Ira Gershwin, amerikansk diktar
- 1898: Gunnar Myrdal, svensk økonom
- 1926: Marie Takvam, diktar
- 1942: Herbjørg Wassmo, norsk forfattar
- 1968: Karl Ove Knausgård, norsk forfattar
- 1971: Odd-Bjørn Hjelmeset, langrennsløpar
Døde
- Sjå òg Døde den 6. desember.
- 1352: Pave Klemens VI
- 1849: Peder Bugge, norsk biskop
- 1892: Ernst Werner von Siemens, tysk vitskapsmann og industrialist
- 1882: Anthony Trollope, britisk forfattar
- 1905: Viggo Stuckenberg, dansk diktar
- 1949: Ivar Lykke, norsk statsminister
- 1988: Roy Orbison, USA-amerikansk musikar
- 1994: Anette Arosa Thommessen, politisk aktivist