4. mars
4. mars er den 63. dagen i den gregorianske kalenderen (64. i skotår). Det er 302 dagar att av året.
Merkedag
Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar
- Dette er vanlegvis dagen då presidentar blir tekne i eid i USA.
Fast religiøs helgedag
Bevegelege heilagdagar som fell på 4. mars i 2024:
- Minnedag for heilage Kasimir i den katolske kyrkja
Namnedag
Noreg | Ada og Adrian |
Sverige | Adrian og Adriana |
Danmark | Adrianus |
Hendingar
Utlandet
- 1351: Ramathibodi blei konge av Siam (Thailand).
- 1386: Władysław II Jagiełło (Jogaila) blei krona til konge av Polen.
- 1461: Dei engelske Rosekrigane. Kong Henrik VI frå Huset Lancaster blei avsett av fetteren sin, Edvard IV av Huset York.
- 1493: Kristoffer Columbus kom tilbake til Lisboa i Portugal etter si første reise til Den nye verda.
- 1519: Hernan Cortes gjekk i land i Mexico leitande etter Aztekarrikete og rikdommen deira.
- 1665: Den andre engelsk-nederlandske krigen tok til.
- 1790: Dei fleste departementa i Frankrike vart oppretta.
- 1861: Asteroiden 64 Angelina vart oppdaga.
- 2000: PlayStation 2 vart først lansert i Japan.
Noreg
- 1920: Noreg blei med i Folkeforbundet.
- 1941: Operasjon Claymore under andre verdskrigen. Britiske kommandosoldatar raida Lofoten og øydela sildeoljefabrikkar og trankokeri. 213 tyske soldater, tolv norske nazistar og 314 frivillige til dei norske utestyrkene blei tekne med tilbake til England.
- 1941: Hurtigruteskipet D/S «Mira» blei søkkt ved Brettesnes i Lofoten. Sju menneske døydde.
Fødde
- Sjå òg Fødde den 4. mars.
- 1394: Henrik Sjøfararen, portugisisk oppdagar
- 1678: Antonio Vivaldi, italiensk komponist og fiolinist
- 1760: Gabriel Schanche Kielland, norsk forretningsmann og konsul
- 1888: Knute Rockne, norsk-amerikansk utøvar og trenar i amerikansk fotball
- 1895: Bjarne Brustad, norsk komponist og bratsjist
- 1900: Axel Coldevin, norsk forfattar, historikar og professor
- 1947: Jan Garbarek, norsk saksofonist
- 1965: Khaled Hosseini, afghansk-amerikansk forfattar og lege
- 1969: Arild Undheim, norsk volleyballspelar og -trenar
- 1988: Espen Børufsen, norsk fotballspelar
Døde
- Sjå òg Døde den 4. mars.
- 1805: Jean-Baptiste Greuze, fransk målar
- 1832: Jean-François Champollion, fransk egyptolog
- 1852: Nikolaj Gogol, russisk forfattar
- 1895: Knud Knudsen, norsk lærar og språkforskar
- 1904: Mauritz Aarflot, norsk gardbrukar, redaktør og stortingsmann
- 1916: Franz Marc, tysk målar
- 1963: William Carlos Williams, USA-amerikansk diktar
- 1977: Nancy Tyson Burbidge, australsk botanikar
- 1985: Sverre Strandli, fridrettsutøvar
- 2000: Kyi Kyi Htay, burmesisk skodespelar
- 2009: Triztán Vindtorn, norsk diktar
- 2011: Alenush Terian, iransk fysikar og astronom