Adolph Tidemand

Adolph Tidemand

Sjølportrett frå 1838
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. august 1814
Mandal
Død

8. august 1876 (61 år)
Kristiania

Utdanning Det Kongelige Danske Kunstakademi
og
Kunstakademiet i Düsseldorf
Yrke kunstmålar, sjangermaler, historiemaler
Kjende verk Brudeferd i Hardanger
Haugianerne
Sjanger Norwegian romantic nationalism
Medlem av Det kongelege svenske kunstakademiet
Far Christen Tidemand
Ektefelle Claudine Marie Birgitte Tidemand
Adolph Tidemand på Commons
«Brudeferd i Hardanger» frå 1848 er eit av dei mest kjende måleria i norsk kunsthistorie. Det blei laga som et samarbeid mellom Adolph Tidemand og Hans Gude
Haugianerne frå 1848. Kjøpt frå kunstnaren i 1852. Olje på lerret. Mål:98,5 x 122,5 cm. Tilhøyrer Nasjonalgalleriet
De ensomme gamle frå 1849
Olje på papp-plate
38 x 45,5 cm Tilhøyrer Nasjonalgalleriet

Adolph Tidemand (14. august 181425. august 1876) var ein norsk kunstmålar og sentral kunstnar i nasjonalromantikken i Noreg.[1] Mellom dei mest kjende måleria hans finn ein Haugianerne, som han måla i fleire utgåver frå 1848 til 1865.[2] Eit anna er Brudeferd i Hardanger som han laga saman med Hans Gude.

Teikningane han utførte av norske folkedrakter har òg stor kunstnerisk og kulturell betydning. Draktteikningane spenner over eit tidsrom på nærare 30 år; frå kunstnaren si fyrste studiereise i 1843 til den siste i 1874, og utgjer til saman rundt 150 teikningar og arbeid i olje.[3] Draktteikningane tilhøyrer Nasjonalgalleriet og er ein del av i basisutstillinga Livets dans. Museet fekk samlinga som testamentarisk gåve i 1882. Ho inneheld både skissebøker, teikningar, akvarellar og oljemåleri.[4]

Bakgrunn og utdanning

Tidemand var fødd i Mandal som son av tollinspektør og stortingsrepresentant Christen Tidemand og Johanne Henriette Henrikke Haste, som var dansk.[1] Tilknytinga til Danmark var med på å avgjera kor han skulle utdanna seg og han studerte ved Det Kongelige Danske Kunstakademi i 1832-1837. Her hadde han J.L. Lund og Christoffer Wilhelm Eckersberg som lærarar.[5]

På Akademiet måla han landskaper saman med Dankvart Dreyer og Friedrich Ernst Wolperding og stilte ut på Charlottenborgs Forårsutstillinger i 1835-1837. Tidemand konkurrerte om og vann den vesle sølvmedaljen i 1835, den store året etter og konkurrerte om den vesle gullmedaljen i 1837 men vann han ikkje.[5]

Han reiste til Düsseldorf for å utdanna seg vidare ved akademiet der og fekk Theodor Hildebrandt som lærar. Allereie i 1841 vakte han oppsikt med måleriet Gustav Vasa taler til dalkarene i Mora kirke. Det vart kjøpt av ei kunstforeining og pengane sette han i stand til å reise til München og seinare Roma.[1]

Sumaren 1842 vende Tidemand heim til Noreg med planar om å slå seg ned for godt. Men etter ei langvarig strid om bestillinga på altartavla i Vår Frelsers kyrkje - Oslo domkyrkje, mista han moglegheita til å slå seg ned som målar i heimlandet.[1] Året etter drog han på si fyrste av mange reiser rundt i Sør-Noreg, studerte folkedrakter og samla på forteljingar. I 1844 var han med på å skipa Fortidsminneforeningen og han sat i det fyrste styret.

Tidemand slo seg ned i Düsseldorf i 1845 og budde her resten av livet. Han døydde i Kristiania.

Familie og barn

Tidemand gifta seg med barndomsvenninna Claudine Marie Bergitte Jæger (1817–1887) i 1845. Saman fekk dei sonen Adolph. Da sonen døydde 28 år gamal i 1874, knekte det faren.[1]

Utmerkingar

I 1849 fekk Tidemand St. Olavs Orden, han fekk den franske Æreslegion i 1855 og den svenske Nordstjerneorden i 1866.

Nokre verk

  • 1841 – Gustav Vasa taler til dalkarlene i Mora kirke
  • 1844 – Eventyrfortellersken
  • 1845 – Søndagskveld i en røykstue i Hardanger
  • 1846 – Norsk juleskikk
  • 1848 – Brudeferd i Hardanger (saman med Hans Gude)
  • 1848 – Signe Halvorsdatter Valle i Sætersdalen
  • 1848 – Haugianerne
  • 1849 – De ensomme gamle (og kjend som Husandakt)
  • 1849 – Ingeborg Andersdatter Gulsvik, Flå, som brud
  • 1851 – Aften på Krøderen (saman med Hans Gude)
  • 1852 – serien Bondeliv i Oscarshall
  • 1853 – Likferd på Sognefjorden (med Hans Gude)
  • 1854 – Den foreldreløse
  • 1859 – Fiskere i havsnød (med Hans Gude)
  • 1865 – Bestefaderens erindringer
  • 1865 – Bestemors brudekrone
  • 1865 – Fanatikerne
  • 1874 – Syneve
  • 1874 – Nød

Referansar

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Adolph Tidemand i Norsk biografisk leksikon
  2. Marit Lande: På Adolph Tidemands tid. Ursus forlag, 2004. ISBN 82-996758-1-2
  3. Aagot Noss, side 14 f.f.
  4. Aagot Noss, forord
  5. 5,0 5,1 Adolph TidemandKunstindeks Danmark / Weilbachs Kunstnerleksikon

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Adolph Tidemand