Alfa
Det greske alfabetet | |
---|---|
Α α Alfa | Ν ν Ny |
Β β Beta | Ξ ξ Ksi |
Γ γ Gamma | Ο ο Omikron |
Δ δ Delta | Π π Pi |
Ε ε Epsilon | Ρ ρ Rho |
Ζ ζ Zeta | Σ σ ς Sigma |
Η η Eta | Τ τ Tau |
Θ θ Theta | Υ υ Ypsilon |
Ι ι Iota | Φ φ Phi |
Κ κ Kappa | Χ χ Khi |
Λ λ Lambda | Ψ ψ Psi |
Μ μ My | Ω ω Omega |
Forelda bokstavar | |
Digamma | Qoppa |
San | Sampi |
Yngre ligaturar | |
Stigma | Ou |
Kai | |
Andre | |
Heta | (halv eta) |
Sjo | (baktrisk ekstrabokstav) |
Alfa (Α, α) er den første bokstaven i det greske alfabetet. I nygresk språk står alfa for vokalen [a] og vert uttalt tilnærma likt vokalen og den latinske bokstaven A i norsk språk.
Bokstaven og namnet alfa vert brukt i mange samanhengar utanom gresk språk, ofte i tydinga «den første»:
- Alfabet; er sett saman av dei to første bokstavane i det greske alfabetet, alfa og beta
- I ymse uttrykk, som jonisk «alfa og omega» («det første og det siste»)
Naturvitskap
- I astronomi: den lysaste stjerna eit stjerneteikn (til dømes Alfa Centauri; hovudstjerna i det næraste nabostjernesystemet vårt, omtrent 4,3 lysår unna)
- I åtferdsbiologi: Alfa-hannen/-hoa er det leiande individet i ein flokk, til dømes ein ulveflokk
- I fysikk:
- eit mål på dei elektromagnetiske kreftene som held dei grunnleggande byggesteinane i materien saman
- alfastråling er radioaktiv stråling
- I medisin: mange samanhengar, td. alfablokkar (blokkerer alfa-reseptorar)
Kultur
- Transport:
- Alfa Romeo; heitte opphavleg berre ALFA – Anonima Lombarda Fabbrica Automobili, men skifta namn til Alfa Romeo I 1915 då Nicola Romeo tok over fabrikken
- Ubåtar: ein klasse ubåtar heiter «Alfa-klassen»
- Datavitskap:
- Krøllalfa: @
- Alfa-versjonen av programvare er ein tidleg versjon som til dømes vert nytta til interne testføremål
- Underhaldning:
- Alfa er ein figur i TV-serien Sesam Stasjon