Beta

For planteslekta Beta, sjå beteslekta.
Det greske alfabetet
Α α Alfa Ν ν Ny
Β β Beta Ξ ξ Ksi
Γ γ Gamma Ο ο Omikron
Δ δ Delta Π π Pi
Ε ε Epsilon Ρ ρ Rho
Ζ ζ Zeta Σ σ ς Sigma
Η η Eta Τ τ Tau
Θ θ Theta Υ υ Ypsilon
Ι ι Iota Φ φ Phi
Κ κ Kappa Χ χ Khi
Λ λ Lambda Ψ ψ Psi
Μ μ My Ω ω Omega
Forelda bokstavar
Digamma Qoppa
San Sampi
Yngre ligaturar
Stigma Ou
Kai
Andre
Heta (halv eta)
Sjo (baktrisk ekstrabokstav)

Beta (Β, β) er den andre bokstaven i det greske alfabetet. På nygresk heiter bokstaven vita og står for språklyden [v] (stemd labio-dental frikativ).

Bokstaven svarar til B i det latinske alfabetet. På kyrillisk har han gjeve opphav til bokstavane be, Б, og ve, В.

Beta vert nytta i fleire samanhengar:

  • Alfabet; er sett samann av dei to første bokstavane i det greske alfabetet, alfa og beta
  • I astronomi: den nest lysaste stjerna eit stjernebilete (til dømes Beta Centauri; hovudstjerna i det næraste nabostjernesystemet vårt, omtrent 4,3 lysår unna)
  • I finans er beta eit mål på risikoen knytt til ei aksjeportefølgje relativt til alle tilgjenglege portefølgjer i marknaden. Beta er eit mål på systimatisk risiko som ein ikkje kan diversere bort.
  • Ein tidleg versjon av ei programvare vert kalla ein betaversjon. Ein slik versjon vert gjerne gjeve ut til ei lita gruppe brukarar for nøye testing.
  • Betastråling er ein type radioaktiv stråling
  • Eit kallenamn på det gamle videosystemet Betamax