Amfora

Amfora frå 4000-talet f.Kr. funnen i Shaanxi i Kina.

Amfora er ein type keramikkvase med to handtak og ein lang hals smalare enn kroppen.

Ordsoge

Ordet «amphora» er latin, avleidd frå det greske amphoreus (Αμφορέας) eller amphiphoreus, eit samansett ord som kombinerer amphi- («på begge sider») med phoreus («berar»), frå pherein («å bera»).[1][2]

Historie

Amforaer stilt ut i Bodrum i Tyrkia.
Amfora frå Kypros.

Keramiske gjenstandar med form og bruksområde som amforaer, med eller utan handtak, er funne i førhistoriske område over heile Eurasia, frå Kaukasus til Kina. Amforaer datert til rundt 4800 f.Kr. er blitt funne i Banpo frå Yangshao-kulturen i Kina. Gjenstaden byrja fyrst å opptre ved kysten av Fønikia kring 3500 f.Kr.

Amforaer spreidde seg deretter rundt om i den antikke verda. Grekarane og romarane brukte dei til å lagra og transportera druer, olivenolje, vin, olja, oliven, korn, fisk og andre næringsmiddel. Dei blei produserte i industriell skala frå den greske perioden, og blei brukte rundt Middelhavet til omlag 600-talet. Då ser det ut til at tre- og skinnbehaldarar overtok.

Dei er av stor nytte for maritime arkeologar, sidan amforaer i eit skipsvrak ofte antyder alder og nasjonalitet på vraket. Ofte er dei så godt bevarte at det opphavlege innhaldet framleis finst, noko som gjev uvurderleg informasjon om matvanar og handelssystem blant folket til antikken.

Det fanst to hovudtypar av amforaer: Halsamforaen, der hals og kropp møter kvarandre i skarp vinkel, og eindelsamforaen, der hals og kropp dannar ei kontinuerleg kurve. Halsamforaer var vanlege i den tidlege delen av det antikke Hellas, men blei gradvis erstatta av eindelsamforaen frå det 7 hundreåret f.Kr. Dei fleste blei laga med spiss botn, slik at dei kunne stå oppreist når dei blei pressa ned i sanden eller i eit blautt underlag.

Amforaer varierte mykje i høgda. Dei største kunne vera 1,5 meter høge, medan nokre kunne vera under 30 cm – dei minste blei kalla amphoriskoi («små amforaer»). Dei fleste var ca. 45 cm høge. Nokre variantar hadde ei stor grad av standardisering, vinamforaen heldt eit standardmål på rundt 39 liter. Dette gjorde at amforavolumet blei ein målestokk i Romarriket. Alt i alt har ein bestemt ca. 66 ulike amforatypar.

Stor, sein geometrisk attisk amfora, ca. 725 f.Kr.–700 f.Kr

Det blei produsert ei stor mengd måla høgkvalitetsamforaer, for sosial og seremonielle høve. Utsjånaden avveik frå dei meir funksjonelle variantane, dei hadde ei brei opning og ein ringbase, med glasert overflate og dekorert med figurar eller geometriske former. Slike amforaer blei ofte brukte som premiar. Nokre eksemplar med innskrifta «Eg er ein av premiane frå Athen» har overlevd frå dei panathenske festivalane haldne mellom 6. hundreår og 2 hundreår f.Kr. Måla amforaer blei også brukte ved gravferder, medan amforatype loutrophoros blei brukt hovudsakleg ved gravferdsseremoniar. Ekstra store vasar blei brukte som gravmarkeringar, medan nokre amforaer blei brukte til å ha oska frå dei døde i.

Kjelder

  1. «am-pho-ra», Reference.com
  2. «amphora (n.)», Online Etymology Dictionary

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Amfora