Blåbær

Blåbær
Amerikanske blåbær

Blåbær (Vaccinium myrtillus) er små (gjerne 5 mm i diameter), blåsvarte bær som veks eitt og eitt på blåbærlyng. Dei har raudblått fruktkjøt.[1]

Blåbærlyng veks vilt i delar av Europa og Asia. Ein litt annan type blåbær veks på litt større buskar og kan dyrkast i hagar eller kommersielt. Desse blir kalla amerikansk blåbær eller hageblåbær. Det er desse bæra som vanlegvis blir selde som blåbær i butikkar.[1] Desse bæra har kvitleg fruktkjøt.

Bæra blir modne relativt tidleg på hausten. Dei er tradisjonelt ettertrakta til safting og sylting, og dei var ei viktig råvare i matauken i Skandinavia i tidlegare tider.[1]

Dei inneheld C-vitamin, E-vitamin og folat, og i tillegg garvestoff, fruktsyrer, flavonar, karotin, jarn og magnesium. Blåbær inneheld også mykje kostfiber.[1]

I folkemedisinen er bæra kjente for å verke stoppande ved magesjuke, og dei skulle òg ha effekt på diabetes. Sjølv om samanhengen enno er uklår, tyder nyare undersøkingar på at blåbær er svært gode for synet.

Namn på andre språk

Merk at engelsk blueberry svarar til amerikanske blåbær, og at det engelske namnet for nordeuropeiske blåbær er bilberry. I Skottland blir likevel blaeberry bruka om blåbær.

  • Germanske språk: blåbær (bokmål, nynorsk, dansk), blåbär (svensk), blaeberry (skotsk), Blaubeere (tysk), blauwe bosbes (nederlandsk), bilberry (engelsk), Heidelbeere (tysk)
  • Romanske språk: arandeira (galego), mirtilo (portugisisk), myrtille (fransk)
  • Uralske språk: mustikka (finsk, av musta, «svart», som er eit lånord frå germansk), sarrit, fleirtal sarridat (nordsamisk, ordet tilhøyrer det før-uralske skiktet av ord i samisk og har ikkje etymologi utanfor samisk[2])

Galleri

Fotnotar

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Blåbær», OFG (på norsk), henta 2. desember 2019 
  2. For etymologien til sárrit, sjå Álgu.