Chartres
Chartres | |
---|---|
Styresmakter | |
Land Region Departement |
Frankrike Centre Eure-et-Loir |
Geografi | |
Flatevidd | 16,85 km² |
Flatevidd - By |
16,85 km² |
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
40 361 2 395/km² |
Koordinatar | 48°27′N 01°29′E / 48.450°N 1.483°E |
Høgd over havet | 142 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) |
Diverse anna | |
Postnummer | 28000 |
Heimeside: www.ville-chartres.fr |
Chartres er by og kommune nordvest i Frankrike. Han er préfecture (administrasjonssenter) i departementet Eure-et-Loir i regionen Centre, og har om lag 40 000 innbyggjarar.
Geografi
Chartres er bygd ved den venstre breidda til elva Eure på ein liten ås med den vidkjende domkyrkja. Spiret på kyrkja er eit landemerke for dei omliggande områda. I søraust strekker den frodige sletta seg i Beauce, «matlageret i Frankrike», der byen er det kommersielt senteret.
Historie
Chartres var ein av dei viktigaste byane i Carnutes, og vart av romarane kalla Autricum av elva Autura (Eure), og seinare civitas Carnutum. Han vart brend ned av normannarar i 858, og omleira av dei i 911 utan hell.
I mellomalderen vart byen den viktigsate i Beauce, og gav namnet til eit grevskap, som vart halde av grevane av Blois og Champagne, og så av huset Chatillon. Eit medlem av dette huset selde byen i 1286 til krona. Frans I gjorde byen til hertugdøme i 1528. Etter regjeringstida til Louis XIV gjekk tittelen hertug av Chartres i arv hos familien av Orleans.
I 1417 vart byen erobra av England, men kom tilbake til Frankrike igjen i 1432. Under Hugenottkrigen vart byen i 1568 fleire gonger åttaka av protestantar utan at dei klarte å ta han. I 1591 vart byen tatt av Henry IV, som vart krona her tre år seinare.
I den fransk-prøyssiske krigen vart byen omleira av tyskarane den 2. oktober 1870, og var under resten av krigen eit viktig operasjonssenter.
Byen vart hardt råka av bomber under den andre verdskrigen.
Bakgrunnsstoff
- Turiskontoret i Chartres
- Nettside om arkeologiske utgravingar Arkivert 2006-10-05 ved Wayback Machine.
- Reiseguide for Chartres
- Bilete av Chartres Arkivert 2007-03-11 ved Wayback Machine.