Dagfinn Høybråten
Dagfinn Høybråten | |||
![]() Dagfinn Høybråten i 2006 Foto: Johannes Jansson/norden.org | |||
Fødd | 2. desember 1957 (67 år) Oslo | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Kristeleg Folkeparti | ||
Yrke | politikar, statsvitar | ||
Utdanna ved | Universitetet i Oslo Luther College Kristelig Gymnasium | ||
Far | Per Høybråten | ||
Alle verv |
|
Dagfinn Høybråten (fødd 2. desember 1957 i Oslo) er ein norsk embetsmann og politikar som frå 2004 til 2011 leidde Kristeleg Folkeparti. Han var vald inn på Stortinget for perioden 2009-2013 på Rogalandsbenken. Han hadde ulike statsrådpostar i begge Bondevik-regjeringane frå 1997 til 2000 og frå 2001 til 2005.
Tidleg karriere
Høybråten byrja si politiske karriere i 1979 då han vart leiar for KrFU, eit verv han hadde fram til 1982. Han var i perioden 1983-86 personleg rådgjevar for dåverande kyrkje- og undervisningsminister Kjell Magne Bondevik. Han var etter det statssekretær i Finansdepartementet i 1989-90.
Statsråd
Arbeids- og sosialminister i Kjell Magne Bondevik si andre regjering sidan 18. juni 2004, statsråd i Helsedepartementet (helsesaker) frå 19. oktober 2001. Også i Kjell Magne Bondeviks 1. regjering statsråd i Helsedepartementet (helsesaker). Høybråten er mest kjend for å ha skjerpa røykjelova, ved å forby all røyking innandørs på restaurantar og utestadar.
I 2004 opna Slottet for at statsrådar etter 4 års tenestetid vart tildelt St. Olavs Orden. Dagfinn Høybråten vart då kommandør av St. Olavs Orden.
Privatliv
Høybråten er gift og har fire born. Han er busett på Nesodden der han er med i den lokale meinigheita i Misjonsforbundet. Han er son av politikar Per Høybråten (1932-90).
Han har utdanning frå mellom anna Kristelig Gymnasium, og det var denne klassa han hadde med seg då han var gjest i Den store klassefesten i 2005.
Utdanning
- Kristelig Gymnasium
- Cand. polit. ved Universitetet i Oslo 1984 med statsvitskap og offentleg rett.
- Eitt års samfunnsvitskapelege studium ved Luther College, USA.
Yrkeserfaring
- Personleg sekretær for stortingsrepresentantane Lars Korvald 1978-81 og Kjell Magne Bondevik 1978-83.
- Personleg sekretær for kyrkje- og undervisningsminister Kjell Magne Bondevik 1983-86.
- Spesialkonsulent, seinare stabssjef i Kommunenes Sentralforbund 1986-89.
- Statssekretær i Finansdepartementet 1989-90.
- Direktør i Kommunenes Sentralforbund 1990-93.
- Rådmann i Oppegård kommune 1994-97.
- Trygdedirektør, Rikstrygdeverket 1997.
Verv
- Medlem av Kristeleg Folkepartis sentralstyre 1979-82 og 1983-97.
- Statsråd i Sosial- og helsedepartementet (helsesaker) frå 17. oktober 1997.
- Ei rekkje statlege, kommunale/fylkeskommunale og organisasjonsmessige verv.
- Statsråd i Sosial- og helsedepartementet (helsesaker) frå 19. oktober 2001 til 31. desember 2001
- Statsråd Helsedepartementet 1. januar 2002 -18. juni 2004
- Statsråd Arbeids- og sosialdepartementet 18. juni 2004
- Styremedlem i verdas vaksinefond, Gavi, frå juli 2006.
- President i Nordisk Råd frå 1.1.2007
Bibliografi
- Pengene eller livet. Avenir Forlag (2009) ISBN 978-82-494-0076-8.
Kjelder
- Denne artikkelen byggjer på «Dagfinn Høybråten» frå Wikipedia på bokmål, den 2. juli 2008.