Den Helder

Den Helder
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Nederland
Provins Noord-Holland
Areal 178,83 km²
Folketal 56 582 (1. januar 2021)[1]

Den Helder
52°57′30″N 4°45′32″E / 52.958333333333°N 4.7588888888889°E / 52.958333333333; 4.7588888888889
Kart som viser Den Helder.
Kart som viser Den Helder.
Kart som viser Den Helder.
Wikimedia Commons: Den Helder

Den Helder er ein kommune og by i Nederland i provinsen Noord-Holland med om lag 60 000 innbyggjarar. Den Helder ligg heilt nord på halvøya Noord-Holland og her ligg den største marinebasen i landet.

Historie

Huisduinen var den opphavlege, eldre delen av byen, medan Helder i seg sjølv var ei lita grend i nærleiken. På grunn av den strategiske plasseringa heilt på enden av halvøya Noord-Holland, vart det bygd mange festningsverk i området. Området vart kalla Helledore («Helvetesdøra», og seinare Den Helsdeur) på grunn av dei «djevelske» festningsverka som hindra fiendtlege skip å segle inn i Zuidersee.

Den Helder har spelt ei viktig rolle i nederlandsk skipsfart. Under den nederlandske gullalderen vart skip samla nær Den Helder og frå her sette ein ut på verdshava. I 1820-åra vart Noordhollandsch Kanaal grave frå Amsterdam til Den Helder. Fyret Lange Jaap vart bygd i 1877 og er det høgaste støypejernstårnet i Europa med ei høgd på 63,45 meter.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Den Helder