██ Land som deltok i konkurransen██ Land som ikkje deltok i konkurransen
Eurovision Song Contest 1976 (ESC 1976) var den 21. gongen Eurovision Song Contest blei arrangert. Konkurransen blei halden i Congresgebouw i Haag i Nederland. Finalen fann stad laurdag 3. april. Storbritannia vann konkurransen med songen «Save Your Kisses for Me», framført av Brotherhood of Man på engelsk.
Liechtenstein ynskte å delta i Eurovision Song Contest dette året, men fekk ikkje løyve fordi landet ikkje hadde eigen kringkastar. Det liechtensteinske bidraget i konkurransen ville ha vore «My Little Cowboy» av Biggi Bachmann. Malta valde Enzo Guzman og «Sing Your Song, Country Boy» som sitt bidrag for deretter å trekkje seg frå konkurransen av ukjende årsaker.
Det greske bidraget var kontroversielt sidan det handla om Tyrkia sin okkupasjon av Nord-Kypros. Hellas hadde trekt seg frå konkurransen året før nettopp på grunn av denne okkupasjonen. Sverige trekte seg frå konkurransen, av di Sveriges Radio ikkje hadde råd til å arrangere konkurransen om dei skulle vinna to gonger på rad. Det hadde også vore demonstrasjonar i Sverige mot konkurransen. Som følgje av dette blei det seinare introdusert ein regel som krev at alle kringkastarane i vertslandet må vere med og bidra økonomisk til arrangøren av konkurransen.
Bidraga
Finale
Finalen blei halden den 3. april1976 i Congresgebouw.
Ein funksjonær fekk ikkje med seg dei fire poenga Frankrike gav Jugoslavia under avstemminga. Viss ein reknar desse poenga med, kom Jugoslavia på 17. plass med 10 poeng. Ulike kjelder uttaler seg forskjellig om desse poenga skal reknast med eller ikkje. Dei offisielle EBU-resultata ignorerer dei.
Storbritannia: Save Your Kisses for Me av Brotherhood of Man (Martin Lee, Lee Sheriden, Nicky Stevens, Sandra Stevens og Barry Upton) · Sveits: Djambo, Djambo av Peter, Sue and Marc (Peter Reber, Sue Schell og Marc Dietrich) · Vest-Tyskland: Sing Sang Song av Les Humphries Singers (John Lawton, Jürgen Drews, Jimmy Bilsbury, Barry St. John, Judy Archer og Peggy Evers) · Israel: Emor Shalom av Chocolat, Menta, Mastik (Yardena Arazi, Ruthie Holzman og Leah Lupatin) ·
Luxembourg: Chansons pour ceux qui s'aiment av Jürgen Marcus · Belgia: Judy et Cie av Pierre Rapsat · Irland: When av Red Hurley · Nederland: The Party's Over av Sandra Reemer · Noreg: Mata Hari av Anne-Karine Strøm · Hellas: Panagiá mou, panagiá mou av Maríza Koch · Finland: Pump-Pump av Fredi og Ystävät · Spania: Sobran las palabras av Braulio · Italia: We'll Live It All Again av Al Bano og Romina Power · Austerrike: My Little World av Waterloo & Robinson (Johann Kreuzmayr og Josef Krassnitzer) · Portugal: Uma flor de verde pinho av Carlos do Carmo · Monaco: Toi, la musique et moi av Mary Christy · Frankrike: Un, deux, trois av Catherine Ferry · Jugoslavia: Ne mogu skriti svoju bol av Ambasadori