██ Land som deltok i tevlinga██ Land som ikkje deltok i tevlinga
Eurovision Song Contest 1980 (ESC 1980), offisielt 25. Eurovisie Songfestival, var den 25. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Congresgebouw i Haag i Nederland. Finalen fann stad laurdag 19. april. Irland vann tevlinga med songen «What's Another Year», framført på engelsk av Johnny Logan.
Tevlinga vart arrangert i Nederland etter at vinnaren året før, Israel, nekta å påta seg arrangementet for andre år på rad. Den israelske regjeringa gjekk ikkje med på å utvide kringkastaren IBA sitt budsjett slik at ein kunne ta på seg arrangementet, og datoen som Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) hadde sett for tevlinga, 19. april, fall på same dag som den israelske minnedagen for falne i krig. Spania og Storbritannia skal båe ha vorte spurde om å påta seg arrangementet, men takka nei. Nederland gjekk deretter med på å arrangere tevlinga så lenge dei fekk kutte i produksjonskostnadane; som eit resultat av dette vart tevlinga halden på same stad som i 1976, og delar av scena si utforming var lik som i 1976.
Marokko deltok for fyrste gong dette året, medan Tyrkia kom attende til tevlinga. Monaco trekte seg frå tevlinga og kom ikkje att før i 2004.
Austerrike · Tyrkia · Hellas · Luxembourg ·Marokko · Italia · Danmark · Sverige · Sveits · Finland · Noreg · Vest-Tyskland · Storbritannia · Portugal · Nederland · Frankrike · Irland · Spania · Belgia
Artistar
Finalen
Blue Danube (Marty Brem, Wolfgang Berry, Sylvia Schramm, Rena Mauris og Wolfgang Weiss) · Ajda Pekkan · Anna Vissi og Epikouri (Achilles Michaelides, Zaharias Michaelidis og Eva Tselidou) · Sophie & Magaly ·Samira Bensaïd · Alan Sorrenti · Bamses Venner (Flemming Jørgensen, Mogens Balle, Bjarne Green og Arne Østergaard) ·Tomas Ledin · Paola · Vesa-Matti Loiri · Sverre Kjelsberg og Mattis Hætta ·Katja Ebstein · Prima Donna (Kate Robbins, Jane Robbins, Danny Finn, Sally-Ann Triplet, Alan Coates og Lance Aston) · José Cid · Maggie MacNeal ·Profil (Martine Havet, Martine Bauer, Francis Rignault, Jean-Claude Corbel og Jean-Pierre Izbinski) ·Johnny Logan · Trigo Limpio · Telex (Michel Moers, Dan Lacksman og Marc Moulin)
Songar
Finalen
Du bist Musik ·Petr'Oil ·Autostόp ·Papa pingouin ·Bitakat Hob ·Non so che darei ·Tænker altid på dig ·Just nu! ·Cinéma ·Huilumies ·Sámiid Ædnan ·Theater ·Love Enough for Two ·Um grande, grande amor ·Amsterdam ·Hé, hé, m'sieurs dames ·What's Another Year ·Quédate esta noche ·Euro-Vision
Mal:Land i Eurovision Song Contest 1980
Mal:Uttakingar til Eurovision Song Contest 1980
Mal:Deltakarar i Eurovision Song Contest 1980
Mal:Songar i Eurovision Song Contest 1980
Mal:Låtskrivarar i Eurovision Song Contest 1980