Fiber

Hampfiber

Fiber er ein materialtype danna av samanhengande filament eller forlenga einingar, på same måte som homogene trådar. Dei er viktige delar i biologien for både plantar og dyr, der dei held resten av vevet saman.

Menneske bruker fibrar på mange ulike måtar. Kostfiber er viktig for fordøyinga. Fibrar frå ulike kjelder kan spinnast til tråd, hyssing, snøre, garn og tau. Desse kan ein igjen bruka til tekstilar og utstyr. Fibrar kan inngå som del av komposittmateriale eller kan føyast saman til matter som papir eller filt.

Fiberoptisk kabel

Naturlege fibrar

Naturleg fiber er fiber som er danna av plantar, dyr og av geologiske prosessar. Ein kan klassifisera slike fibrar etter opphav:

  • Plantefiber kan koma frå oppbygnaden til planten (t.d. bast eller ved) eller frå frukter (t.d. lin og bomull).
    • Vegetabilsk fiber er generelt sett basert på variantar av cellulose, gjerne med lignin. Nokre døme er bomull, hamp, brennesle, jute, lin, ramie og sisal.
    • Trefiber blir framstilt frå tre, hovudsakleg frå massevirke. Det kan framstillast både kjemisk og mekanisk, og ein får då høvesvis cellulose eller tremasse. Mesteparten av fiber frå tre blir brukt i papirframstilling som papirmasse. Det blir også brukt til framstilling av så ulike ting som tekstilar (viskose), folie (cellofan) og sponplater.
  • Animalsk fiber er for det meste laga av særskilde protein. Nokre typar er edderkoppsilke, ekte silke, tarmreimer, hår og ull, slik som kashmir, mohair og angora.
  • Mineralske fiber i naturleg tilstand finn ein i asbest, som har naturleg førekomande lange, mineralske fibrar. Korte fiber-liknande mineral er mellom anna wollastinitt, attapulgitt og halloysitt.

Kunstfibrar

For meir om dette emnet, sjå Kunstfiber.
Elektronmikroskopbilde av nanofibrar av polyetersulfon.

Kunstfiber eller syntetisk fiber er fibertypar laga ved hjelp av kjemiske reaksjonar i industrien av polymerar eller av uorganiske stoff som glas, metall eller mineral. Dei kan til dømes lagast av petroleum eller av omarbeidd cellulose. Nokre døme på kunstfiber er polyester, akrylfiber, elastan, viskose og celluloseacetat.[1]

Kjelder

  1. «kunstfibre» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Fiber