Hordaland fylke
- «Hordaland» omdirigerer hit. For avisa med same namn, sjå avisa Hordaland.
Hordaland fylke | |||
fylke | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Del av | Vestlandet | ||
Adm.senter | Bergen | ||
Areal | 15 440 km² | ||
- land | 14 554 km² | ||
- vatn | 886 km² | ||
Folketal | 524 495 (1. januar 2019)[1] | ||
Målform | nynorsk | ||
Statsforvaltar | Lars Sponheim | ||
Fylkesordførar | Tom-Christer Nilsen (H) | ||
Fylkesnummer | 12 | ||
Hordaland fylke | |||
Wikimedia Commons: Hordaland | |||
Nettstad: www.hordaland.no | |||
Hordaland fylke er eit tidlegare fylke i Noreg. Fylket låg mellom Sogn og Fjordane i nord og Rogaland i sør. I aust grensa fylket til Telemark og Buskerud. I 2020 vart fylket slått saman med Sogn og Fjordane til Vestland fylke.
Hordaland fylke vart ofte delt inn i innlandsdistrikt og kystdistrikt. Innlandsdistrikta var Hardanger og Voss. Kystdistrikta var Sunnhordland, Nordhordland og Midhordland. Desse distrikta er samanfallande med dei tidlegare fogderia og noverande prostia. Om lag to tredelar av arealet i Hordaland fylke var fjellområde som ligg høgre enn 300 meter over havet. Hordaland var det einaste norske fylket (utanom Oslo) der alle kommunane hadde grenser til hav. Bergen var den største byen i fylket og var sete for administrasjonen til fylkeskommunen. I byen ligg Bryggen i Bergen, som i 1979 vart skriven inn på UNESCO si liste over verdas kultur- og naturarvstader. Dei to andre byane i fylket var Leirvik og Odda.
Namn og symbol
Kysten av Hordaland var i norrøn tid kjend som Hǫrðafýlki. Før 1919 var namnet på Hordaland fylke Søndre Bergenhus amt. Namnet «Hordaland» kjem av folkenamnet Hǫrðar. Hǫrðar er ei avleiing av av det germanske ordet for skog, harud. "Harudane" tyder altså skogfolket. Det norske namnet var hordane. Namn som Hordnes, Hordvik og Hordamuseet kjem av folket hordane.
Fylkesvåpenet til Hordaland fylke var to krosslagde øksar med ei krone over, på raud bakgrunn. Våpenet vart laga etter eit segl funne etter Olavsgildet på Onarheim på Tysnes. Fylkesblomen til Hordaland er kusymre, fylkessteinen er koronitt og fylkesfuglen er kvitryggspett.
Historikk
Hordaland har opphavleg vore namnet på dei ytre delane av det seinare fylket; Hardanger og Voss låg såleis utanfor Hordaland. I den fyrste amtsinndelinga frå tidleg i 1660-åra utgjorde Halsnøy kloster og Hardanger eit eige amt i den sørlege delen av det noverande Hordaland, medan resten av fylket saman med Sogn og Fjordane høyrde til Bergen stiftsamt. Dagens grenser fekk Hordaland i 1763, då amta Søndre Bergenhus og Nordre Bergenhus, som svarar til dei noverande fylka Hordaland og Sogn og Fjordane, vart oppretta. Sørgrensa til Hordaland vart endra i 2002, då Ølen kommune vart ført over til Rogaland.
Bergen by gjekk inn i Hordaland fylke i samband med store kommunesamanslutningar i 1972. Dei tidlegare kommunane Bergen, Arna, Fana, Laksevåg og Åsane vart slått saman til nye Bergen kommune. Frå same tid vart det slutt på at Bergen var eige fylke.
2. februar 2017 vedtok fylkestinget i Sogn og Fjordane ei samanslåing med Hordaland med 19 mot 12 stemmer.[2][3] Den 3. februar 2017 vedtok fylkestinget i Hordaland det same med 41 mot 4 stemmer.[4] 8. juni 2017 vedtok Stortinget ei samanslåing av dei to fylka frå og med 1. januar 2020.[5] Namnet på det nye fylket, Vestland, vart vedteke av Stortinget i 2018.
Klima
Med rådande vind frå vest eller sørvest, vert det ført inn mykje mild og fuktig luft over fylket, noko som gjev eit temperert kystklima med mykje nedbør, særleg i kystnære strøk. Dei høge fjella skjermar dei indre områda mot påverknad frå havet, medan fjordar med temperert vatn hindrar vinterkulden, sjølv langt borte frå kysten.
Vindforholda er prega av terrenget, særleg i låglandet, medan vestavinden dominerer i høgfjellet året rundt. Om vinteren bles det ofte utfallsvind gjennom dalar og fjordar, medan det ved kysten ofte bles mellom sør og aust. Liten kuling eller meir ved kysten har ein kring 10 % av tida. I finvêr om sommaren kan solgangsbrisen gje ettermiddagsvind frå nordvest eller nord.
Januar og februar er dei kaldaste månadane med kring 2 °C ved kysten, men sjølv dei indre fjordstrøka har ikkje særleg under 0 °C. Innlandet har kring −5 °C, medan høgfjellet i aust har ned mot kring −10 °C. Kulderekordane er frå −10 °C til −15 °C ved kysten, til −25 °C til −35 °C i dalstrøka og i høgfjellet. Middeltemperaturane for juli er 14–16 °C, men temperaturen fell med høgda til kring 10 °C i 1000 m o.h. Varmerekorden i låglandet er kring 32 °C, medan ein i høgfjellet har hatt opp mot 20–25 °C.
Hordaland et er eit av fylka i landet som får mest nedbør med ein årsnedbør kring 1500 mm ved kysten og over 3000 mm i ei maksimalsone kring 50 km frå kysten. Vidare austover minkar så nedbøren til kring 1000 mm lengst aust. Hausten er typisk den våtaste tida av året, medan mai er den tørraste. Det er vanleg med lokale ettermiddagsbyer om sommaren i indre strøk, men det meste av nedbøren kjem i samband med frontar og byevêr frå vest.
Årsmiddelet for tåke ved kysten er 2-3 %, og mest tåke er det om våren og sommaren. I dalstrøka kan ein få lokal strålingståke og frostrøyk om hausten og vinteren. I høgfjellet har ein tåke kring 2-5 % av tida og mest om hausten og vinteren.
Kommunar
Sjå òg
Litteratur
- Brekke, Nils Georg (red): Kulturhistorisk vegbok Hordaland, Bergen 1993. ISBN 82-7326-026-7
- Helland-Hansen, William (red): Naturhistorisk vegbok Hordaland, Bergen 2004. ISBN 82-7326-061-5
Kjelder
- «Hordaland – fylke i Norge» i Store norske leksikon, snl.no.
«Hordaland – klima» i Store norske leksikon, snl.no.
Referansar
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Population and changes during the quarter (M) 1997K4 - 2019K2». Henta 17. november 2019.
- ↑ Her skriv fylkesordføraren brevet til ministeren. Hordaland og Sogn og Fjordane er klare for å bli eitt frå årsskiftet 2020., nrk.no, 3. februar 2017
- ↑ 1062 dagar til Sogn og Fjordane er historie, nrk.no, 2. februar 2017
- ↑ «Vedtok å legge ned Hordaland fylke». Bergens Tidende. 3. februar 2017. Arkivert frå originalen 5. februar 2017. Henta 4. februar 2017.
- ↑ Sogn og Fjordane og Hordaland blir slått sammen. Sogn og Fjordane og Hordaland fylkeskommuner slås sammen fra 1. januar 2020., nrk.no, 8. juni 2017