Hovedserien 1950-51 var namnet på det øvste nivået i det norske seriesystemet i herrefotball som gjekk frå august 1950 til juni 1951. Hovedserien var delt opp i to avdelingar, med åtte lag kvar. Fredrikstad vann gruppe A, og Odd gruppe B. Dei to klubbane spelte finale over to kampar. Fredrikstad vann begge, med 3-1 borte og 4-2 heime.