Josef
Josef, er eit hebraisk mannsnamn med tydinga han Gud vil gje fleire barn.
Namnet Josef har aldri lege på lista frå Statistisk sentralbyrå over dei 50 mest populære namna i Noreg. Namnet fall noko i popularitet ut over 1900-talet, og har så auka litt frå 1980-talet, om ikkje i same grad som mange andre bibelske namn.
Namneformer
- Jo
- Joe (engelsk)
- José (spansk)
- Jøsep (Vestlandet)
- Joseph
Personar i Bibelen med namnet Josef
- Josef, Jakobs son i Første Mosebok
- Josef frå Nasaret, Jomfru Marias mann og han som i Nasaret vart rekna for å vere far til Jesus
- Josef frå Arimatea, etter Evangeliet etter Matteus han som gravla Jesus.
- Josef Kaifas, øvstepresten det året Jesus døydde
- Josef Barsabbas Justus, etter Apostelgjerningane første kapittel ein av Jesu fylgjesveinar.
Andre personar med namnet Josef
- Flavius Iosephus, Yosef ben Matitjahu; jødisk historikar
- Pave Joseph av Alexandria
- Pave Joseph II av Alexandria
- Josef I, tysk-romersk keisar (1676-1711)
- Joseph Guillotin (1738-1814), doktor som introduserte giljotinen i Frankrike
- Josef II, tysk-romersk keisar (1741-1790)
- Franz Joseph Gall, (1758-1828) nevrolog, frenologiens grunnleggar
- Joseph Fesch (1763-1839), Napoleons morbror, kardinal
- Giuseppe Mazzini (1805-1872), italiensk politikar og revolusjonær
- Giuseppe Verdi (1813-1901), italiensk komponist
- Frans Josef, (1830-1916) keisar av Austerrike
- Chief Joseph, eg. In-Mut-Too-Yah-Lat-Lat, (1840-1904) indianarleiar for nez percé-stammen
- Jósef Piłsudski (1867-1935), polsk statssjef
- Josef Stalin (1878-1953), diktator i Sovjetunionen
- Joseph Goebbels (1897-1945), tysk nazistisk propagandaminister
- Josef Terboven (1898-1945), nazistisk rikskommisær for dei hærsette norske områda
- Joseph McCarthy (1908-1957), amerikansk høgrepolitikar
- Józef Rotblat (1908-2005), polsk nobels fredsprisvinnar
- Joseph de Maistre (1753-1821), savoyansk filosof og forfattar
- Josef Mengele (1911-1979) lækjar i Nazityskland, illgjeten for sine forferdelege eksperiment på menneske
- Franz Josef Strauss (1915-1988), tysk politikar
- Jo Benkow (f. 1924), norsk politikar frå partet Høgre og stortingspresident
- Joseph Ratzinger, Benedictus XVI, (f. 1927) pave
- Phil Ochs, (eg. Joseph Souther), (1940-1976) amerikansk musikar
- Josef Motzfeldt (f. 1941), grønlandsk venstrepolitikar, partileiar for Inuit Ataqatigiit
- José María Aznar (f. 1953), spansk høgrepolitikar, tidlegare regeringssjef og partileiar for Partido Popular
- Josip «Tito» Broz (1892-1980), partisan, kommunist og leiar for Jugoslavia
- Josef Fares (f. 1977), svensk-libanesisk regissør
Kjelder
- Olav Veka: Namneboka Det norske Samlaget 1991
- SSB namnestatistikk
- Svenk wikipedia