Kristelig Folkeparti
Kristeleg Folkeparti | |||
![]() | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Partileiar(ar) | Dag Inge Ulstein[1] | ||
Grunnleggjarar | Nils Lavik[2] | ||
Grunnlagt | 4. september 1933 | ||
Hovudkvarter | Oslo (Kirkegata 32) | ||
Partiavis | Folkets Framtid | ||
Ungdomsorg. | Kristeleg Folkepartis Ungdom | ||
Donasjonar | 4 561 500 (2021)[3] | ||
Medlemstal | 27 122 (2016)[4] | ||
Ideologi | kristendemokrati ![]() | ||
Religion | kristendom[5] | ||
Internasjonal tilknyting | Den kristeleg- demokratiske internasjonale | ||
Farge | |||
Slagord | Bygge på verdier – skape verdier[6] | ||
Ordførarar | 17 / 428
| ||
Kommunestyre- representantar | 623 / 10 620
| ||
Fylkestings- representantar | 46 / 777
| ||
Stortings- representantar | 8 / 169
|
Kristeleg Folkeparti (KrF) er eit norsk politisk parti skipa i 1933.
Partiet sat i regjering frå 1997 til 2000 i regjeringa Bondevik I (med Senterpartiet og Venstre) og frå 2001 til 2005 i Regjeringa Bondevik II saman med partia Høgre og Venstre. Statsministeren Kjell Magne Bondevik var frå KrF. Sidan 2019 har partiet vore del av regjeringa Solberg.
Partiet har ein eigen ungdomsorganisasjon som heiter Kristeleg Folkepartis Ungdom (KrFU).
Historie
Kristeleg Folkeparti vart fyrst skipa i Hordaland fylke. Mange, særleg i partiet Venstre såg med uro på at det vart lagt mindre og mindre vekt på kristne verdiar. Den 4. september 1933 vart avgjerda teken om å skipa eit nytt parti. Det nye partiet fekk gjennomslag allereie ved valet til Stortinget i 1933. Bibelskulestyrar Nils Lavik vart fyrste stortingsrepresentanten til Kristeleg Folkeparti.
Ved valet i 1945 kom det store gjennombrotet til Kristeleg Folkeparti. Partiet stod utan eige organisasjonsapparat sentralt og lokalt, utan partiavis og med berre nokre få røynde politikarar. Kristeleg Folkeparti fekk likevel 117 000 røyster eller knappe 8 % av røystene. Det gav partiet åtte stortingsrepresentantar. Resultatet var ei stor overrasking. Partiet steig fram som eit verkeleg landsdekkjande parti.
Knut Arild Hareide var partileiar frå 2011 til 2019, og gjekk av som følgje av at partiet, etter eit ekstraordinært landsmøte, bestemte at partiet skulle søkje å bli ein del av Solberg-regjeringa. Hareide sjølv rådde partiet og landsmøtet til å søkja regjeringsmakt med Senterpartiet og Arbeidarpartiet.[7] Nestleiar Olaug Bollestad sat som konstituert leiar fram til landsmøtet i april 2019, då Kjell Ingolf Ropstad vart vald til leiar i KrF.[8]
Stortingsval 1933-2017
Årstal | Prosent av røystene | Stortingsrepresentantar |
---|---|---|
1933 | 0,8 % | 1 |
1936 | 1,3 % | 2 |
1945 | 7,9 % | 8 |
1949 | 8,5 %¹ | 9 |
1953 | 10,5 % | 14 |
1957 | 10,2 % | 12 |
1961 | 9,6 %¹ | 15 |
1965 | 8,1 %¹ | 13 |
1969 | 9,4 %¹ | 14 |
1973 | 12,2 %¹ | 20 |
1977 | 12,4 %¹ | 22 |
1981 | 9,4 %¹ | 15 |
1985 | 8,3 % | 16 |
1989 | 8,5 % | 14 |
1993 | 7,9 % | 13 |
1997 | 13,7 % | 25 |
2001 | 12,4 % | 22 |
2005 | 6,8 % | 11 |
2009 | 5,5 % | 10 |
2013 | 5,6 % | 10 |
2017 | 4,2 % | 8 |
¹ Ved desse vala stilte Kristeleg Folkeparti felleslister med eitt eller fleire av partia Det Nye Folkepartiet/Det Liberale Folkepartiet, Høgre, Senterpartiet eller Venstre, dette talet er eit overslag med røystene til felleslistene fordelt på dei einskilde partia.
Kjelder
- ↑ «Dag-Inge Ulstein ny leiar i KrF». Henta 25. januar 2025.
- ↑ «Pietist i kulturkamp : Nils Lavik og framveksten av Kristeleg folkeparti». s. 212. Henta 22. oktober 2024.
- ↑ https://www.partifinansiering.no/nb/arlige-bidrag/.
- ↑ http://www.dagen.no/Nyheter/partimedlemmer/Medlemsflukt-fra-KrF-431681; vitjingsdato: 17. januar 2019.
- ↑ https://www.dagen.no/nyheter/krf-fjerner-bekjennelsesparagrafen/.
- ↑ https://kampanje.com/pr/2025/01/ulstein-tar-over-et-krf-i-ny-drakt--her-partiets-nye-logo/.
- ↑ Norum, Hallvard (17. januar 2019), «Hareide går av som partileder», NRK (på norsk bokmål), henta 29. januar 2019
- ↑ Gilbrant, Jørgen (27. april 2019), «Kjell Ingolf Ropstad ny KrF-leder», Dagbladet.no (på norsk), henta 11. mai 2019
Litteratur
- Olav Garvik (red): Kristelig folkeparti; mellom tro og makt, Oslo 1983. ISBN 82-02-09071-7
- Odd Jostein Sæter (red.): Kristelig folkepartis historie 1933-1983; samling om verdier, Oslo 1985. ISBN 82-991256-1-8
Bakgrunnsstoff
- Offisiell nettstad
- Statistikk om Kristeleg folkeparti i samfunnsforskning.no
- Samling om verdier; en studie av Kristelig Folkeparti 1969-2001