Krokoitt
Krokoitt | |||
![]() Krokoitt frå Dundas på Tasmania. | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Krommineral | ||
Kjemisk formel | Blykromat PbCrO4 | ||
Strunz-klassifisering | 07.FA.20 | ||
Krystallsymmetri | Monoklin prismatisk (2/m) | ||
Einingscelle | a = 7.12 Å, b = 7.421 Å, c = 6.8 Å; β = 102.41°; Z = 4 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | Oransje, raud, gul | ||
Krystallform | Grovt krystalllinsk til nålforma | ||
Krystallsystem | Monoklin | ||
Kløyv | tydeleg på {110} utydeleg på {001} og {100} | ||
Brot | Muslig til ujamn | ||
Fastleik | Kan skjerast | ||
Mohs hardleiksskala | 2.5–3 | ||
Glans | Diamantaktig | ||
Strekfarge | Gulaktig oransje | ||
Transparens | Gjennomsiktig til gjennomskineleg | ||
Spesifikk vekt | 5.9–6.1 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Toaksa (+) | ||
Brytingsindeks | nα = 2.290(2) nβ = 2.360(2) nγ = 2.660(2) | ||
Dobbeltbryting | δ = 0.370 | ||
Pleokroisme | Svak | ||
Kjelder | [1][2][3] |
Krokoitt eller raudblyerts er eit oransjeraudt, monoklint mineral som består av blykromat, PbCrO4. Det opptrer som sekundærmineral på einskilde blyførekomstar. Det er særleg kjent frå Tasmania.
Det vart oppdaga i Berezovskgruvene nær Jekaterinburg i Uralfjella i 1766, og kalla crocoise av F.S. Beudant i 1832. I krokoitt frå Ural oppdaga den franske kjemikaren L.N. Vauquelin metallet krom i 1798.
Kjelder
- Krokoitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.
- ↑ http://rruff.geo.arizona.edu/doclib/hom/crocoite.pdf Handbook of Mineralogi
- ↑ http://www.mindat.org/min-1157.html Mindat
- ↑ http://webmineral.com/data/Crocoite.shtml Webmineral data