Kuleledd

1: Kuleledd; 2: Eggledd; 3: Sadelledd; 4: Hengselledd; 5: Glideledd

Kuleledd (articulatio sphaeroidea) er synovialledd der leddflata på ein rund knokkel fyller søkket i ein annan. Den fjerne knokkelen kan dreie rundt fleirfaldige aksar frå eit felles midtpunkt, langs fleire plan og i mest alle retningar.

Ein enartrose (articulatio cotylica) er ein type kuleledd der leddpanna dekker meir enn halve leddhovudet. Hofteleddet er ein enartrose.[1][2]

Døme på kuleledd finn ein i hofta, der lårbeinshovudet kviler i den koppaktige leddpanna til bekkenet, og i skulderleddet i skuldra, der humerushovudet kviler i cavitas glenoidalisskulderbladet. Det kan nemnast at skuldra også inneheld sternoklavikularleddet, som er eit sadelledd.

Fleire bilete

Kjelder

  1. Holck, Per (1. februar 2015). «enartrose». Store medisinske leksikon. Henta 9. april 2015. 
  2. Platzer, Werner (2008) Color Atlas of Human Anatomy, volum 1, s. 28.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Kuleledd