Kutaisi
Kutaisi, ქუთაისი | ||
---|---|---|
Klosteret Gelati, ein verdsarvstad i Kutaisi | ||
| ||
Styresmakter | ||
Land | Georgia | |
Geografi | ||
Flatevidd | 67,7 km² | |
Flatevidd - By |
70 km² | |
Innbyggjarar - By (2014) - folketettleik |
147 635 2 109/km² | |
Koordinatar | 42°15′N 42°42′E / 42.250°N 42.700°E | |
Høgd over havet | 125-300 m | |
Tidssone | MSD (UTC+4) | |
Diverse anna | ||
Heimeside: http://kutaisi.gov.ge/ |
Kutaisi (georgisk ქუთაისი; antikke namn Aea/Aia, Kutatisi, Kutaïssi) er den nest største byen i Georgia og hovudstad i regionen Imeretija. Han ligg 221 km vest for Tbilisi.
Kutaisi ligg ved elva Rioni, 125-300 meter over havet. I aust og nordaust ligg foten av Imeretifjella, i nord ligg fjellkjeda Samgurali Range, og i vest og sør Colchissletta.
Historie
Kutaisi var hovudstad i det historiske kongeriket Colchis. Arkeologiske funn viser at byen eksisterte alt på 1000-talet fvt.. Historikarar meiner at då Apollonius Rhodius skreiv om Jason og argonautane og deira legendariske reise til Colchis var Kutaisi/Aia enden på reisa til argonautane og heimstaden til kongen Aeetes. I 975-1122 var Kutaisi hovudstad i Kongedømet Georgia, og frå 1400-talet til 1810 hovudstad i Kongedømet Imerertija. I 1810 vart Imeretija okkupert av Russland. Før Georgia fekk sjølvstende i 1991 og den nasjonale økonomien kollapsa, var Kutaisi eit stort industrisenter. I dag har mange innbyggjarar i byen reist utanlands for å fø seg sjølv. Handel på liten skala er hovudnæringa til resten av innbyggjarane.
Attraksjonar
Kutaisi har to attraksjonar som begge står på UNESCO si verdsarvliste. Den eine er ruinane av Bagratikatedralen, bygd av Bagrat III, konge av Georgia, tidleg på 1000-talet. Den andre er Gelatikloseter, og begge ligg eit par kilometer aust for byen. Ei av dei mest kjende kyrkjene i Georgia er Motsametakyrkja. Andre attraksjonar er Satapliagrotta, der ein kan sjå fotspor etter ein dinosaur.
Kjende personar frå Kutaisi
- Aleksandr Ivanovitsj Otrakovskij, russisk krigshelt
- Katie Melua, britisk songar
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Kutaisi» frå Wikipedia på engelsk, den 29. mai 2007.