Latvia debuterte i Junior Eurovision Song Contest i 2003 i København, Danmark, med songen «Tu Esi Vasarā», framført på latvisk av songeren Dzintars Čīča. Landet har delteke fem gongar; i 2003, 2004, 2005, 2010 og 2011. Bidraga vart valde gjennom den nasjonale finalen Bērnu Eirovīzija mellom 2003 og 2005, og Balss Pavēlnieks i 2010 og 2011. Begge tevlingane vart arrangerte av den latviske kringkastaren Latvijas Televīzija.