Makk
Makk eller mark viser til virvellause, tynne og lange dyr. Det blei tidlegare brukt som fellesnemnar for rekkene flatmakk, leddmakk og rundmakk, men er i dag rekna som eit usystematisk namn. «Makk» kan brukast som kort ord for ein rekke typar makkar, særleg meitemakk.
Eldre biologisk systematikk, til dømes den til Linné, rekna makkar som ei biologisk gruppe med det latinske namnet for makk, Vermes. Denne grupperinga er eit kunstig samleomgrep som ikkje seier noko om slektskap.
Rekker av makk
- flatmakk (Platyhelminthes)
- slimormar (Nemertea)
- taglmakk (Nematomorpha)
- rundmakk (Nematoda)
- leddmakk (Annelida)
(lista er ikkje komplett)
Sjå òg
Kjelder
- Nynorskordboka
- «Makk» på bokmålswikipedia