Mandal prosti

Mandal kyrkje
Foto: Philip Gabrielsen
Spangereid kyrkje
Foto: Dag Bertelsen
Greipstad kyrkje
Søgne kyrkje
Valle kyrkje i Lindesnes

Mandal prosti var eit tenestedistrikt i Agder og Telemark bispedømme i Den norske kyrkja. Prosten hadde sete i Mandal. Prostiet svara til kommunane Audnedal, Lindesnes, Mandal, Marnardal, Songdalen, Søgne og Åseral i geografisk utstrekking. Prostiet er no ein del av Lister og Mandal prosti.[1]

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eit eller fleire sokn. Fram til 2004 var prestetenesta lokalt organisert i prestegjeld.

Sokn i Mandal prosti

Mandal kommune

  • Tidlegare Mandal prestegjeld
    • Mandal sokn
    • Harkmark sokn
    • Holum sokn

Søgne kommune

  • Tidlegare Søgne prestegjeld
    • Søgne sokn

Songdalen kommune

  • Tidlegare Søgne prestegjeld
    • Greipstad sokn
    • Finsland sokn

Marnardal kommune

  • Tidlegare Marnardal prestegjeld
    • Bjelland sokn
    • Øyslebø sokn
    • Laudal sokn

Lindesnes kommune

  • Tidlegare Sør-Audnedal prestegjeld
    • Lindesnes sokn

Audnedal kommune

  • Tidlegare Nord-Audnedal prestegjeld
    • Grindheim sokn
    • Konsmo sokn

Åseral kommune

  • Tidlegare Nord-Audnedal prestegjeld
    • Åseral sokn

Sjå òg

Kjelder

  1. Agder og Telemark bispedømmeråd: Møteprotokoll 22.10.2018, s. 4.

Bakgrunnsstoff