Naturleg satellitt
Naturlege satellittar er himmellekamar som går i bane kring andre større himmellekamar. Månar er ein type naturlege satellittar. Det er minst 140 månar i solsystemet, og truleg mange andre i bane rundt planetar i andre solsystem. Det typiske er at dei store gasskjempene har mange månar. Merkur og Venus har ingen månar, jorda har éin stor og Mars har to små.
Utspring
Ein meiner at dei fleste månane blei danna i det kollapsande området i den protoplanetariske skiva som var grunnlaget til planeten månen høyrer til. Men det er mange kjente og moglege unntak og variasjonar i denne standardmodellen. Fleire månar er mest sannsynleg innfanga asteroidar, andre kan vera fragment av større månar sprengt ved kollisjonar. Månen til jorda har igjen eit anna opphav, ein del av planeten vår blei sprengt vekk ved ein kjempekollisjon med ein annan himmellekam. Så lenge dei fleste månane berre er kjent frå enkelte observasjonar frå romsondar eller teleskop er dei fleste opphavsteoriane enda usikre.
Månane i solsystemet
Dei største månane i solsystemet (dei over 3 000 km i diameter) er (frå sola og utover) den eine til jorda: Månen, dei galileiske månane til Jupiter: Io, Europa, Ganymede, og Callisto, saturnmånen Titan, og neptunmånen Triton. For mindre månar, sjekk tabellen under kvar planet.
Her er ein samanliknande tabell som klassifiserer alle kjende månar etter diameter. Han inkluderer au nokre andre objekt å bite merke i, enkelte asteriodar, planetar og kuiperbelteobjekt.
Diameter (km) | Jorda | Mars | Jupiter | Saturn | Uranus | Neptun | Pluto | Andre objekt |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
5000-6000 | Ganymede | Titan | ||||||
4000-5000 | Callisto | Merkur | ||||||
3000-4000 | Månen | Io | ||||||
2000-3000 | Triton | 2003 UB313 Pluto | ||||||
1000-2000 | Rhea | 90377 Sedna 90482 Orcus | ||||||
100-1000 | Himalia | Enceladus | Miranda | Proteus | Charon | Ceres | ||
50-100 | Thebe | Pandora | Caliban | Thalassa Naiad | (For mange til å liste opp) | |||
10-50 | Phobos | Carme | Siarnaq
Atlas | Ophelia
Cordelia | S/2002 N 1 S/2002 N 2 | (For mange til å liste opp) | ||
mindre enn 10 | Cruithne¹ | Callirrhoe Themisto | Erriapo Narvi | (For mange til å liste opp) |
¹ Det er omdiskutert om Cruithne kan teljast som ein verkeleg måne, men han er med i tabellen for samanlikninga sin del.
I tillegg til planetmånane er det også kjent at det finst over tretti asteroidemånar, asteroidar som går i bane rundt andre asteroidar.