Neil Gaiman

Neil Gaiman

Fødenamn Neil Richard Gaiman
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 10. november 1960 (63 år)
Portchester
Yrke birøktar, tegneserieforfatter, romanforfattar, journalist, bloggar, manusforfattar, filmprodusent, skodespelar, skribent, science fiction-forfattar, filmregissør, lyrikar, TV-forfatter
Sjanger fantasy, skrekklitteratur, science fiction, dark fantasy, komedie, feministisk science fiction
Religion ateisme
Far David Gaiman
Ektefelle Amanda Palmer
Signatur
Neil Gaiman på Commons

Neil Richard MacKinnon Gaiman[1] (fødd 10. november 1960) er ein britisk forfattar av fleire verk innan science fiction og fantastisk litteratur, inkludert fleire teikneseriar. Han er særleg kjend for det teikneserieverket The Sandman, og for romanane Stardust, American Gods, Coraline og The Graveyard Book. Han har vunne ei rekkje prisar, som Hugo, Nebula og Bram Stoker Award, Newbery og Carnegie-medaljen. I 2013 blei The Ocean at the End of the Lane vald til årets bok i den britiske National Book Awards.[2] Boka blei seinare omforma til eit kritikarrost skodespel ved Royal National Theatre i London.[3]

Neil Gaiman er opphavleg frå England, men er seinare busett nær Minneapolis i Minnesota i USA.

Liv og virke

Etter ei rekkje avslag frå forlaga satsa Gaiman på journalistikk i håp om å skaffa seg inspirasjon og eit nettverk som kunne hjelpa han til utgjeving seinare. I denne perioden skreiv han den fyrste boka si, ein biografi om bandet Duran Duran, og ei rekkje artiklar for Knave magazine. Seint i 1980-åra skreiv han Don't Panic: The Official Hitchhikers Guide to the Galaxy Companion, etter eige utsegn i «klassisk engelsk humoristisk stil». Denne boka skulle seinare leia til eit samarbeid med Terry Pratchett om romanen Good Omens, ei humoristisk forteljing om ein apokalypse.

Teikneseriar

På 1980-talet utvikla han òg ein vennskap med den berømte teikneserieskaparen Alan Moore. Dette gjenoppliva Gaiman sin ungdomskjærleik for teikneseriar, og han byrja å skapa sine eigne. Han innleidde eit samarbeid med teiknaren og illustratøren Dave McKean, noko skulle resultera i ei rekkje teikneseriar: Violent Cases (1987), Black Orchid Signal to Noise (samla utg. 1992) og Mr. Punch (1994).

Han har skrive ei rekkje ulike teikneseriar for ulike utgjevarar, men den meste kjende er utan tvil The Sandman, ei soge om til Morpheus, kongen av draumar. Serien blei ein liten kulturell sensasjon, og fekk både ein entusiastisk tilhengarskare og gjorde teikneseriar interessante for nye lesegrupper. Serien byrja i 1988 og slutta i 1996, ikkje på grunn av manglande publikumsoppslutning, men fordi Gaiman var ferdig med historia si. Dei 75 utgåvene av teikneserien er blitt samla i 10 bøker som har kome ut i fleire opplag og stadig oppnådd gode salstal. Gaiman har òg skrive dei to miniseriane Death: The High Cost of Living og Death: The Time of Your Life om systera til Sandman, Død. Begge var illustrerte av Chris Bachalo.

I 1990 tok Gaiman over som forfattar av Miracleman etter Alan Moore, men etter at forlaget Eclipse Comics gjekk konkurs og ein langvarig rettstvist om rettane til serien kunne ikkje Gaiman fullføra denne. I 1993 skreiv Gaiman eit nummer av Todd McFarlane sin serie Spawn. Her introduserte han figuren Angela, som han òg har skrive ein miniserie om.

I 1991 gav Gaiman ut The Books of Magic, ein miniserie i fire delar som var illustrert av John Bolton, Charles Vess, Paul Johnson og Scott Hampton. Historia finn stad i dei mytologiske og magiske delane av DC Comics sitt teikneserieunivers, og figurar som Doctor Occult, John Constantine, the Phantom Stranger og Mister E opptrer i serien. Sjølve rammeforteljinga er om ein engelsk tenåringsgut utpeika av skjebnen til å bli den største trollmannen i verda. Miniserien var så populær at han fekk ein avleggjar skriven av John Ney Reiber. Mange har notert likskapstrekka mellom protagonisten i serien, Tim Hunter, og den seinare og meir berømte Harry Potter.

I 2003 gav Gaiman ut miniserien 1602 på Marvel Comics. Serien var illustrert av Andy Kubert og handlar om Marvel sine superheltar i England på dronning Elisabeth I si tid. I miniserien The Eternals (2006) tok Gaiman og teiknaren John Romita jr. for seg eit av Jack Kirby sin mytologiske superheltkonsept frå 1970-åra. Gaiman har òg skrive manuskriptet til ein teikneserie om Alice Cooper kalla The Last Temptation (teikna av Michael Zulli).

Andre verk

Neil Gaiman og Amanda Palmer (Wien 2011)

Gaiman skriv òg songtekstar, dikt og romanar. Han har skrive TV-serien Neverwhere for BBC, som han seinare skreiv om til romanform. Han skreiv manus til filmen MirrorMask i samarbeid med Dave McKean. I tillegg har han skrive det engelske manuset til animefilmen Princess Mononoke. Gaiman skreiv manuskriptet til Robert Zemeckis sin film Beowulf. Gaiman si bok Coraline er blitt filmatisert av Henry Selick. Det er òg laga film basert på den illustrerte kortromanen Stardust.

Tv-serien Lucifer (2016–2021) byggjer på djevelfiguren frå Sandman. American Gods blei sendt som tv-serie frå 2017 til 2021. Gaiman skreiv manus til ein TV-serieversjon av Good Omens, som blei vist i 2019. Hausten 2022 hadde Sandman premiere på Netflix.[4]

Gaiman har òg skrive ei rekkje romanar, mange av dei i sjangeren fantastisk litteratur, og retta mot barn og ungdom.

Prisar og utmerkingar

Gaiman vann ein World Fantasy Award i 1991 for Sandman-utgjevinga A Midsummer Night's Dream. I 2002 fekk han ein Hugo Award og ein Nebula Award for American Gods. Coraline vann Best Novella Award i 2003, og i 2004 vann novella «A Study in Emerald» ein ny hugopris.

Aktivisme og vennskap

Gaiman er styremedlem og ein aktiv forkjempar for Comic Book Legal Defense Fund. Han har jamleg vore med i aksjonar for å samla inn pengar for gruppa. Til dømes laga han Snow, Glass, Apples og gav rettane til CBLDF.

På byrjinga av 1990-talet utvikla Gaiman ein tett vennskap med låtskrivaren og artisten Tori Amos, lenge før ho blei berømt. Han blir difor stadig nemnd på minst ein låt på fleire av albuma hennar. Han har skrive forord til fleire av turnéprogramma hennar i tillegg til noveller inkludert på plata Strange Little Girls. Nokre døme på tekstar der Gaiman blir nemnt er: «If you need me, me and Neil'll be hangin' out with the dream king/Neil said hi, by the way» (Tear In Your Hand, 1992); «Where's Neil when you need him?» (Space Dog, 1994); «Will you find me if Neil makes me a tree?» (Horses, 1996) – Gaiman skreiv om eit snakkande tre baserte på Amos – «Where are the Velvets?» (Hotel, 1998) – «The Velvets» er vampyrliknande figurar frå Gaiman sin roman Neverwhere – «Get me Neil on the line, have him read Snow, Glass, Apples» (Carbon, 2002).

Bibliografi

Teikneseriar

  • Violent Cases (Titan Books, 1987) (med Dave McKean)
  • Black Orchid #1-3 (DC Comics, 1988) (med Dave McKean)
  • The Sandman #1-75 (DC Comics/Vertigo, 1989-1996) (med diverse teiknarar)
  • Miracleman #17-24 (Eclipse Comics, 1990-1993) (med Mark Buckingham)
  • Books of Magic #1-4 (DC Comics, 1991) (med diverse teiknarar)
  • Signal to Noise (VG Graphics/Dark Horse Comics, 1992) (med Dave McKean)
  • Death: The High Cost of Living #1-3 (Vertigo, 1993) (with Chris Bachalo)
  • The Tragical Comedy or Comical Tragedy of Mr. Punch (Vertigo, 1994) (med Dave McKean)
  • The Last Temptation (Marvel Comics, 1994) (med Michael Zulli)
    • historie basert på Alice Coopers album The Last Temptation, skrive i samarbeid av Gaiman og Alice Cooper
  • Angela #1-3 (Image Comics, 1995) (med Greg Capullo)
  • Death: The Time Of Your Life #1-3 ( Vertigo, 1996) (med Chris Bachalo)
  • Neil Gaiman's Midnight Days (Vertigo, 1999) (samling av tidlege arbeid frå diverse teiknarar)
  • Harlequin Valentine (Dark Horse Comics, 2001) (med John Bolton)
  • Murder Mysteries (Dark Horse Books, 2002) (omskrive av P. Craig Russell)
  • 1602 #1-8 (Marvel Comics, 2003) (med Andy Kubert)
  • Endless Nights (Vertigo, 2003) (med diverse teiknarar)

Prosa

(inkluderer bøker med illustrert tekst i motsetning til teikneserieformat)

  • Ghastly Beyond Belief: The Science Fiction and Fantasy Book of Quotations (1985) (med Kim Newman, samling av sitat frå bøker og film)
  • Don't Panic: The Official Hitchhikers Guide to the Galaxy Companion (1987) (Ein guide til Douglas Adams' 'trilogy')
  • Good Omens (1990) (med Terry Pratchett)
  • Now we are Sick (1991) (redaktør, med Stephen Jones)
  • Angels and Visitations (1993) (novellesamling)
  • Snow, Glass, Apples (1994) (novelle illustrert av Charles Vess)
  • About Cats and Dogs (1997) (to noveller)
  • Neverwhere (1996, 1997 US)
  • Smoke And Mirrors (1998) (novellesamling)
  • The Day I Swapped My Dad for Two Goldfish (1998) (barnebok illustrert av Dave McKean)
  • Stardust (1998, 2000) (illustrert av Charles Vess)
  • The Sandman: The Dream Hunters (Vertigo, 1999) (med Yoshitaka Amano)
  • American Gods (2001)
  • Murder Mysteries (Biting Dog Press) (2001) (Manuskript for høyrespelet illustrert av George Walker. Avgrensa opplag)
  • Adventures in the Dream Trade (2002) (diverse sjangre)
  • Snow, Glass, Apples (Biting Dog Press) (2002) (Manuskript for høyrespelet illustrert av George Walker. Avgrensa opplag)
  • A Walking Tour of the Shambles (2002) (med Gene Wolfe)
  • Coraline (2002) (barnebok, amerikansk utgåve illustrert av Dave McKean)
  • The Wolves in the Walls (2003) (illustrert av Dave McKean)
  • Little Lit: It Was a Dark and Silly Night (2003) (med Gahan Wilson), samling av historier av diverse forfattarar og artistar, redigert av Art Spiegelman og Francoise Mouly
  • Anansi Boys (2005)
  • InterWorld (2007) (med Michael Reaves)
  • The Graveyard Book (2008), seinare òg utgjeven som grafisk roman/tegneserie i to bind
  • Odd and the Frost Giants (2008)
  • The Silver Dream (2013) (med Michael Reaves og Mallory Reaves)
  • The Ocean at the End of the Lane (2013)
  • Eternity’s Wheel (2015) (med Michael Reaves og Mallory Reaves)

Audio

  • Warning Contains Language (1995) (historier lesne av Gaiman, musikk av McKean)
  • Signal to Noise (2000) (høyrespel med full besetning og musikk)
  • American Gods (2002) (lesen av George Guidall)
  • Coraline (2002) (amerikansk utgåve lesen av Gaiman, britisk utgåve av Dawn French)
  • Two Plays for Voices (2002) (Snow, Glass, Apples and Murder Mysteries med full besetning og musikk)
  • Telling Tales (2003) (Neil forteller: A Writer's Prayer; Harlequin Valentine; Boys and Girls Together; The Wedding Present, og In The End. Perkusjon av Robin Adnan Anders)
  • Gaiman sine tekstar og medverknad finst òg på:
    • Alice Cooper: The Last Temptation
    • The Flash Girls: The Return of Pansy Smith & Violet Jones, Maurice & I og Play Each Morning Wild Queen
    • Folk UnderGround: Buried Things

Prisar og utmerkingar (utval)

  • 2010 – Carnegie Medal

Kjelder

  1. Fødd som Neil Richard Gaiman, med «MacKinnon» lagt til då han blei gift med Amanda Palmer. «Wedding: Palmer — Gaiman», Lexington Minuteman, 14. januar 2011, arkivert frå originalen 12. oktober 2013 
  2. Press Association (26. desember 2013). «Neil Gaiman novel wins Book of the Year». The Guardian. Arkivert frå originalen 2. april 2015. Henta 27. desember 2013. 
  3. «The Ocean at the End of the Lane at the Duke of York's Theatre». 12. februar 2020. 
  4. Holen, Øyvind (8. november 2022). «Neil Gaiman». Store norske leksikon (på norsk). 

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Neil Gaiman