Simon van der Meer
Simon van der Meer | |||
Simon van der Meer (til venstre) med dronning Beatrix, kona si og prins Claus. | |||
Fødd | 24. november 1925 Haag | ||
---|---|---|---|
Død | 4. mars 2011 Genève | ||
Nasjonalitet | Kongeriket Nederlanda | ||
Område | fysikk | ||
Yrke | fysikar, oppfinnar | ||
Institusjonar | CERN Philips | ||
Alma mater | Det tekniske universitetet i Delft Christelijk Gymnasium Sorghvliet | ||
Ektefelle | Catharina M. Koopman | ||
Medlem | American Academy of Arts and Sciences Academia Europaea Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen |
Simon van der Meer (24. november 1925–4. mars 2011) var ein nederlandsk ingeniør og fysikar. Han blei tildelt Nobelprisen i fysikk i 1984 for bidrag til å finna elementærpartiklane W- og Z-boson.
Liv
Van der Meer vart fødd i Haag. Han fullførte allmennutdanninga si medan Nederland enno var okkupert av Tyskland. Han studerte teknisk fysikk ved det tekniske universitetet i Delft og tok ingeniørgrad der i 1952. Han jobba han ved Philips forskingslaboratorium i Eindhoven fram til han vart han tilsett ved forskingssenteret CERN i Sveits i 1956. Her blei han verande til han pensjonerte seg i 1990.
Simon van der Meer var gift med Catharina M. Koopman. Dei fekk to born, Esther og Mathijs.[1]
Forsking
I 1968 utvikla van der Meer stokastisk kjøling av partikkelstråler.[2] Metoden gjer at ein kan gje partikkelstråler meir einsarta energi og retning, og hadde avgjerande tyding for eksperimenta ved CERN. Han blei brukt i CERN sin partikkelakselerator Super Proton Synchrotron til å danna intense antiprotonstråler som kolliderte med mot-roterande protonstråler. Kollisjonane danna W- og Z-boson som blei observerte første gong i 1983 ved eit eksperiment]] leidd av Carlo Rubbia. Teorien om at bosona fanst hadde vore lagt fram nokre år tidlegare, og påvisinga av dei var ein viktig suksess for CERN. I 1984 delte van der Meer og Rubbia Nobelprisen i fysikk for dei viktige bidraga sine til prosjektet.[3]
Kjelder
- ↑ «Simon van der Meer - Biographical», nobelprize.org
- ↑ Nobel Press Release. Nobelprize.org (17 October 1984). Retrieved on 3 April 2014.
- ↑ The Economist, «Simon van der Meer», 19 March 2011, p. 96.
- «Simon_van_der_Meer» i Store norske leksikon, snl.no., skrive av Jan Olav Eeg.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Simon van der Meer» frå Wikipedia på engelsk, den 6. januar 2015.