Val Logsdon Fitch
Val Logsdon Fitch | |||
| |||
Fødd | 10. mars 1923 (101 år) Merriman i Nebraska | ||
---|---|---|---|
Død | 5. februar 2015 | ||
Nasjonalitet | USA | ||
Område | partikkelfysikk | ||
Yrke | fysikar, kjernefysiker, universitetslærar | ||
Institusjonar | Princeton University | ||
Alma mater | Columbia McGill University | ||
Doktorgradsrettleiar | James Rainwater | ||
Kjend for | Oppdaginga av CP-brudd | ||
Medlem | National Academy of Sciences American Academy of Arts and Sciences American Association for the Advancement of Science American Physical Society |
Val Logsdon Fitch (fødd 10. mars 1923) er ein amerikansk fysikar ved Princeton University. Fitch mottok Nobelprisen i fysikk i 1980 oppdaginga av brot mot fundamentale symmetriprinsipp i henfallet til nøytrale K-meson. Han delte prisen med James Cronin.
Fitch gjekk ut frå Gordon High School og byrja på Chadron State College der han gjekk i tre år før han vart teken opp i U.S. Army i 1943. Seinare gjekk han ut frå McGill University med ein Bachelorgrad i elektroteknikk i 1948 og fullførte ein filosofisk doktorgrad i fysikk i 1954 ved Columbia University. Under andre verdskrigen var han ein del av Manhattanprosjektet ved Los Alamos. Han er eit medlem av fakultetet ved Princeton University
Publikasjonar
- Fitch, V. «Some Notes on Wideband Feedback Amplifiers», Los Alamos National Laboratory i United States Department of Energy (gjennom forgjengeren [[Atomic Energy Commission|}, (16. mars 1949).
- Fitch, V. «A High Resolution Scale-of-four», Columbia University, United States Department of Energy (gjennom forgjengeren Atomic Energy Commission), (25. august 1949).
- Fitch, V. L. «CP Violation, Neutral Currents, and Weak Equivalence», Princeton University, United States Department of Energy (gjennom forgjengeren Atomic Energy Commission), (23. mars 1972).
- Cester, R.; Fitch, V. L.; Montag, A.; Sherman, S.; Webb, R. C. & M. S. Witherell. «Results on the Performance of a Broad Band Focussing Cherenkov Counter», Princeton University, United States Department of Energy, (1980).
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Val Logsdon Fitch» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.