Stadio Olimpico
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/51/L%27Olimpico_-_panoramio.jpg/220px-L%27Olimpico_-_panoramio.jpg)
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/47/Rome%2C_Olympic_Stadium%2C_1950s.jpg/220px-Rome%2C_Olympic_Stadium%2C_1950s.jpg)
Stadio Olimpico er ein idrettsarena i Roma med plass til 70 634 tilskodarar. Stadion ligg i norddelen av den italienske hovudstaden og er heimebane til fotballaga AS Roma og SS Lazio, samt det italienske landslaget i rugby.
Stadio Olimpico vart bygt 1928-36 og hovudarena under Sommar-OL 1960. Finalane i EM i fotball 1968 og VM i fotball 1990 fann stad på Stadio Olimpico. Elles har fleire finalar i dei europeiske fotballturnerinagne for lag funne stad på arenaen, dessutan store friidrettstemne og konsertar.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Stadio Olimpico» frå Wikipedia på engelsk, den 9. august 2019.