Stig Sæterbakken

Stig Sæterbakken

Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. januar 1966
Lillehammer kommune
Død

24. januar 2012 (46 år)
Noreg

Yrke skribent, lyrikar
Språk norsk
Stig Sæterbakken på Commons

Stig Sæterbakken (4. januar 196625. januar 2012) var ein norsk skjønnlitterær forfattar og omsetjar, og sakprosaforfattar. Han var fødd på Lillehammer og budde storparten av livet her. Frå 2006 og fram til oktober 2008 var han kunstnerisk leiar av den årlege Norsk Litteraturfestival – Sigrid Undset-dagene, som vert arrangert i byen.

Stig Sæterbakken debuterte med diktsamlinga Flytende paraplyer allereie i 1984, berre 18 år gamal, medan han var elev ved Lillehammer gymnas. Som romanforfattar debuterte han i 1991 med romanen Incubus. Han er rekna som ein av dei mest sentrale norske og nordiske skjønnlitterære forfattarane i det fyrste tiåret av 2000-talet.

Stig Sæterbakken hadde òg ein karriere som musikar i ulike band.

Romanar, diktsamlingar og essays

  • Flytende paraplyer. Dikt, 1984
  • Sverdet ble til et barn. Dikt, 1986
  • Vandrebok. Fortellingar, 1988
  • Incubus. Roman, 1991
  • Det nye testamentet. Roman, 1993
  • Estetisk salighet . Essays, 1994
  • Siamesisk. Roman, 1997
  • Selvbeherskelse. Roman, 1998
  • Sauermugg. Roman, 1999
  • Det onde øye. Essays, 2001
  • Kapital. Roman, 2003
  • Besøket. Roman, 2006
  • Usynlige hender. Roman, 2007
  • Ja. Nei. Ja. Essay, 2009
  • Ikke forlat meg. Roman, 2009
  • Dirty Things. Essays, 2010
  • Umuligheten av å leve. Essay, 2010
  • Gjennom natten. Roman, 2011
  • Det fryktinngydende, 2011
  • De Press: Block to Block. Sakprosa, 2011
  • Essays i utvalg, 2012 (Utval av tekster frå essaysamlingane Estetisk salighet (1994), Det onde øye (2001) og Dirty Things (2010), og dessutan Sacred Tears, som her vert publisert i bokform for fyrste gongen.)

Omsetjingar og attdiktingar

  • Ján Buzássy: Midlertidig evighet. 1989. (Saman med Ivan Cicmanec)
  • Ján Ondrus: Ansiktet mitt signerer jeg ikke. 1995. (Saman med Ivan Cicmanec)
  • Ivan Kupec: Samtaler med skygger. 2000. (Saman med Ivan Cicmanec)
  • Edgar Allan Poe: Mannen fra mengden og andre noveller. 2000
  • Nikanor Teratologen: Eldreomsorgen i Øvre Kågedalen. 2007

Prisar og utmerkingar

  • 1991: Oppland fylkeskommunes kunstnerstipend
  • 2006: Osloprisen for Besøket
  • 2007: Kritikerprisen for beste omsetting, for omsettinga av Eldreomsorgen i Øvre Kågedalen av Nikanor Teratologen
  • 2007: Bokklubbenes oversetterpris, for omsettinga av Eldreomsorgen i Øvre Kågedalen av Nikanor Teratologen
  • 2011: P2-lytternes romanpris for Gjennom natten
  • 2011: Ungdommens kritikerpris for Gjennom natten

Sjå òg

Bakgrunnsstoff