Tai-kadaispråk

Tai-kadai
Område: Sørlege China (særleg Guangxi, Guizhou, Yunnan og Guangdong), Søraust-Asia
Glottolog: daic1237
ISO 639-2/5: tai
ISO 639-5: tai

Tai-kadai, også kalla kadai og kradai, er ein språkfamilie som omfattar språk i Søraustasia og det sørlege Kina, mellom anna thai og laotisk. Desse språka var tidlegare sett på som ein del av den sino-tibetanske språkfamilien, men blir i dag sett på som ein uavhengig familie.

Den rike variasjonen av tai-kadaispråk i søraustlege Kina gjer at ein meiner det kan vera opphavsstaden til språkfamilien.

Edmonson og Solnit si inndeling

Det er framleis ikkje konsensus om inndelinga av desse språka. Her er eit framlegg frå Edmonson og Solnit. Ethnologue har ei alternativ inndeling.

  • hlaispråka
  • geyanspråka
    • yerong (Fastlandskina)
    • gelao (Vietnam)
    • lachi (Vietnam)
    • vit lachi (Vietnam)
    • buyang (Fastlandskina)
    • cun (Hainan)
    • en (Vietnam)
    • qabiao (Vietnam)
    • laqua (Vietnam)
    • laha (Vietnam)
  • kam-taispråka
    • be-taispråka
    • lakkia-kam-suispråka
      • lakkia-biaospråka (Fastlandskina)
        • lakkia
        • biao
      • kam-suispråka (Fastlandskina)
        • ai-ai-cham
        • cao miao
        • nordlig dong
        • sørleg dong
        • kang
        • mak
        • mulam
        • maonan
        • sui
        • t'en

Litteratur

  • Edmondson, J.A. og D.B. Solnit (red.): Comparative Kadai: the Tai branch. Dallas: Summer Institute of Linguistics and the University of Texas at Arlington, 1997.
  • Roger Blench (engelskspråklig PDF)

Kjelder

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.