Den heilage boka til islam er koranen. Etter islams tru enneheld koranen openberingane til Allah, som skal ha vorte gjevne muntleg til profeten Muhammed. Muslimane meiner at dette pågjekk i 23 år, ved hjelp av erkeengelem Gabriel, gjennom draumar og heilag inspirasjon.
Det er om lag 1,5 milliardar muslimar i verda. Det finst fleire avgreiningar, der sunniislam utgjer rundt 80-85%. I Iran dominerer sjiaislam.
Mekka er ein by i Saudi-Arabia og den heilagaste staden i islam. Det var her Muhammed blei fødd og seinare stod fram som Guds sendebod. Muslimar vender seg mot Mekka i bøn, og å vitja byen er ein viktig del av religionen. Under hadj kjem to til tre millionar pilegrimar til Mekka. Ikkje-muslimar er derimot utestengde frå byen.
I Mekka ligg Kaba, heilagdomen som inneheld den svarte steinen, på den opne plassen inne i moskéenAl-haram.