Uleåborg

Uleåborg (sv.) eller Oulu (fi.) er ein by og kommune i landskapet Norra Österbotten i Uleåborgs län i Finland. Uleåborg er med sine om lag 201 100 innbyggjarar den største byen i det nordlege Finland og er den femte største byen i landet. Uleåborg har ei flatevidd på 3.031,64 km².
Uleåborg er einspråkleg finsk.
Geografi
Uleåborg ligg ved elva Ule älv sitt utlaup i Bottenvika.
Historie

Uleåborg er kjend som en handelsstad frå førhistorisk tid. Det finske namnet på byen, «Oulu» kjem frå samisk.
Byen vart grunnlagd av kong Karl IX av Sverige i 1605 og fekk byprivilegium i 1610. Byen vart plassert på fastlandet midt mot øya Linnansaari, der Uleåborgs slott vart bygd nokre år tidlegare. Slottet vart øydelagt av eit lynnedslag i 1793.
Uleåborg fekk stapelstadsrettar i 1765 og har vore Uleåborgs läns residensstad sidan 1776. Frå ein by kjend for tjære og laks har Uleåborg utvikla seg til ein moderne by med ein stor IT-industri.
Utdanning
- Uleåborgs universitet har over 15 000 studentar spreidd på seks fakultet.
- Yrkeshøgskolan i Uleåborg (Oulu Polytechnic) har kring 7 700 studentar spreidd på åtte einingar.
- Svenske Privatskolan i Uleåborg vart grunnlagd på 1850-talet. I dag har skulen drygt 100 elevar og 15 lærarar. I bygget er det grunnskule, gymnas og ein svensk barnehage med førskule.
Verdt å sjå
- Tietomaa
- Rotuaari -promenadgatan
- saltmagasin
- Hupisaaret
- Uleåborgs domkyrka
- minnesmerke over F. M. Franzen
- Nord-Österbottens museum
- Pateniemis sågverksmuseum
- bilmuseum
- Universitetets botaniske trägård
- Uleåborgs konstmuseum
- Arktiske galleriet
- Teknologbyn
- Ruinane av Uleåborgs slott
Anna
- Uleåborgs stadsteater
- Uleåborgs musikcentrum
- Uleåborgs universitet
- badeanstalt og hotell Eden
- Ouluhallen
- Nallikari rekreasjonsonsområde
- Terva -skiløp
- Oulu Horse Show
- American Car Show
- Oulu Music Film Festival og Luftgitar verdsmeisterskap
Sport
- Ishockey: Kärpät
Sjå òg
- Finska byar etter storleik
- Finska byar etter alfabetet
- Johannes Messenius
- Erkeengelen i Uleåborg