21. desember
21. desember er den 355. dagen i den gregorianske kalenderen (356. under skotår). Det er 10 dagar att av året.
Merkedag
Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar
Religiøs helgedag
Bevegelege heilagdagar som fell på 21. desember i 2024:
Primstaven
- Tomasmesse til minne om Apostelen Tomas, markerte med hand, kross eller tønne. Denne dagen skulle ein ha juleølet i tønne og folk drog rundt og smakte på det.
Namnedag
Noreg | Tomas og Tom og Tommy |
Sverige | Tomas |
Danmark | Thomas |
Helgendag i den katolske kyrkja
- Peter Canisius
Hendingar
Utlandet
- 1124: Lamberto Scannabecchi blei pave Honorius II.
- 1898: Marie og Pierre Curie oppdager radium.
- 1913: Det første kryssordet blei gjeve ut.
- 1923: Nepal fekk sjølvstende.
- 1933: Newfoundland blei britisk kronkoloni.
- 1968: Oppskyting av Apollo 8.
- 1988: Ei terrorbombe som eksploderte i flyet Pan Am rute 103 over Lockerbie i Skottland drap 270.
- 1991: Samveldet av uavhengige statar blei danna av det tidlegare Sovjetunionen.
Noreg
- 1901: Norske kvinner får allmenn røysterett ved kommuneval.
- 1917: Regjeringa Gunnar Knudsen godkjenner ein ny rettskrivingsnormal for både landsmål og riksmål.
- 1918: Romanen Juvikingar av Olav Duun kjem ut, den fyrste i seksbandsverket om Juvikfolket.
- 1940: Alle domarane i Høgsterett legg ned embeta sine.
- 1962: Opprettinga av Rondane nasjonalpark.
Fødde
- Sjå òg Fødde den 21. desember.
- 1778: Anders Sandøe Ørsted, dansk jurist og statsminister
- 1804: Benjamin Disraeli, britisk politikar og forfattar
- 1812: Bernhard Essendrop, politikar
- 1823: Asbjørn Kloster, predikant og fråhaldsaktivist
- 1848: Viggo Ullmann, lærar og politikar
- 1870: Peter S. Brandal, selfangar og skipsreiar
- 1879: Josef Stalin, georgiskfødd sovjetisk statsleiar
- 1917: Heinrich Böll, tysk forfattar og nobelprisvinnar i litteratur
- 1918: Kurt Waldheim, østerriksk president og generalsekretær i SN
- 1937: Jane Fonda, amerikansk skodespelar
- 1940: Frank Zappa, amerikansk musikar
- 1942: Hu Jintao, kinesisk statsleiar
- 1950: Lillebjørn Nilsen, norsk visesongar
- 1956: Bjarne Berntsen, fotballspelar og -trenar
Døde
- Sjå òg Døde den 21. desember.
- 1375: Giovanni Boccaccio, italiensk forfattar
- 1824: James Parkinson, britisk lege
- 1940: F. Scott Fitzgerald, USA-amerikansk forfattar
- 1945: George S. Patton, USA-amerikansk hærførar
- 1950: Hattie Caraway, USA-amerikansk politikar
- 1986: Helge Sivertsen, norsk politikar og idrettsmann
- 2002: Tore Tønne, norsk helseminister
- 2004: Arild Nyquist, norsk forfattar