Aleksej Abrikosov
Aleksej Abrikosov
Алексей Алексеевич Абрикосов, Aleksej Aleksejevitsj Abrikosov | |||
Aleksej Aleksejevitsj Abrikosov | |||
Fødd | 25. juni 1928 Moskva i Russiske SFSR i Sovjetunionen | ||
---|---|---|---|
Død | 29. mars 2017 Palo Alto | ||
Nasjonalitet | Russisk | ||
Område | Fysikk | ||
Yrke | fysikar, universitetslærar | ||
Institusjonar | Landau Institute Statsuniversitetet i Moskva Argonne National Laboratory | ||
Alma mater | Statsuniversitetet i Moskva Det russiske vitskapsakademiet | ||
Doktorgradsrettleiar | Lev Landau | ||
Kjend for | Faststofffysikk | ||
Utmerkingar | Nobelprisen i fysikk (2003) | ||
Ektefelle | Svetlana Bunkova | ||
Medlem | National Academy of Sciences Det russiske vitskapsakademiet Det sovjetiske vitskapsakademiet Det ungarske vitskapsakademiet American Academy of Arts and Sciences American Physical Society Royal Society |
Nobelprisen i fysikk
2003
Aleksej Aleksejevitsj Abrikosov (25. juni 1928–29. mars 2017)[1] var ein russisk fysikar med viktige bidrag innanfor faststoffysikk.
Han tok doktorgraden i fysikk i 1951 ved Det fysiske instituttet i Moskva, og var seinare tilsett ved Landau-instituttet for teoretisk fysikk i Moskva. Frå 1991 har han vore tilsett ved Argonne National Laboratory i Illinois i USA. Abrikosov har særleg arbeidd innanfor faststoffysikk og oppdaga type-II superleiarar.
Abrikosov vart tildelt Leninprisen i 1966, Fritz Londons minnepris i 1972 og Den sovjetiske statsprisen i 1982. I 1989 mottok han Landauprisen frå Det russiske vitskapsakademiet. To år seinare, i 1991, vart Abrikosov tildelt Sony Corporation's John Bardeen Award.
Abrikosov er òg medlem av Royal Academy i London, og er medlem av American Physical Society, og i 2000 vart han vald til den prestisjefylte National Academy of Sciences. Han var ein av mottakarane av Nobelprisen i fysikk i 2003 saman med Vitalij Ginzburg og Anthony James Leggett, for teoriane sine om korleis ting kan oppføre seg ved ekstremt låge temperaturar.
Kjelder
- ↑ «Alexei Abrikosov - Biographical» (på engelsk). Nobelprize.org. Henta 31. mars 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Aleksej Abrikosov» frå Wikipedia på bokmål, den 18. februar 2012.