Beite
Beite er eit område der husdyr kan gå rundt og fritt eta plantar på rot. Ulike område kan brukast til beite på meir eller mindre permanent basis. Beite er den opphavlege måten å fôra dyr på, men kan på grunn av til dømes klima eller industrialisering vera heilt eller delvis erstatta av innhausta eller industrielt tillaga fôr. Nokre vanlege beitedyr er geit, sau, hest, storfe og reinsdyr.
Ulike typar beite
Naturbeite eller utmarksbeite viser til udyrka beitemark som er lite påverka av menneske gjennom gjødsling, grøfting eller pløying. Denne typen beite er særleg vanleg i skog og fjellterreng, til dømes på ei allmenning. Kulturbeite viser til beite som er tettare stelt, til dømes gjennom gjødsling, pløying, såing og så bortetter. Denne typen beite kan også vera utmark, men ein ein kan også bruka fulldyrka mark. Kulturbeite kan vera ein av fleire måtar å bruka areal på i ein årssyklus.
Ein kan også skilja mellom skog- og fjellbeite på den eine sida og heimebeite på den andre. Beiteområdet, særleg hagebeitet, kan vera innhegna, til dømes i typar som hamnehage eller hestehage. Andre beite har ikkje gjerde eller andre bygde stengsel, men kan nytta ulike system, for å halda styr på beitedyra, som gjetarar eller å plassera beitedyra på eit avsondra område som ei øy.
Lovverk
Kvar dyr kan beita og ikkje har vore spørsmål innanfor mange lovverk. I Noreg regulerar til dømes Beitelova ansvaret dyreeigarar har om dyr gjer skade ved å beita på område dei ikkje skal.
Sjå òg
Kjelder
- «Beite: mark» (14. februar 2009), Store norske leksikon.
- «beite (2)»[daud lenkje], «kulturbeite» Arkivert 2014-07-14 ved Wayback Machine. og «naturbeite» Arkivert 2014-07-14 ved Wayback Machine. i Norsk Landbruksordbok (1979)
Bakgrunnsstoff
- Beite Arkivert 2014-07-14 ved Wayback Machine., agropub.no
- Beite ved Fagforum Grovfôr
- Beite-artilkar ved Norsk Landbruksrådgiving Viken
- Beite Arkivert 2014-07-14 ved Wayback Machine. ved skogoglandskap.no