Litauen debuterte i Junior Eurovision Song Contest i 2007 i Rotterdam, Nederland med songen «Kai Miestas Snaudžia», framført på litauisk av songaren Lina Joy. Litauen har delteke fire gongar; i 2007, 2008, 2010 og 2011. Bidraget vart valt i den nasjonale finalen Mažųjų žvaigždžių ringas i 2007 og 2008, og Vaiku Eurovizija i 2010 og 2011. Begge tevlingane vart arrangerte av den litauiske kringkastaren Lietuvos nacionalinis radijas ir televizija.