Thomas Edison

Thomas Edison

FøddThomas Alva Edison
11. februar 1847
Milan
Død18. oktober 1931
West Orange
NasjonalitetUSA
OmrådeOppfinningar, entreprenørskap, elektroteknikk, ingeniørvitskap, manusskriving, oppfinnar, gründer
Yrkeingeniør, oppfinnar, matematikar, gründer, manusforfattar, forretningsdrivande, filmregissør, fysikar
InstitusjonarGeneral Electric
Continental Edison
Alma materCooper Union for the Advancement of Science and Art
EktefelleMary Stilwell Edison, Mina Miller
BarnCharles Edison, Theodore Miller Edison, Thomas Alva Edison jr., Marion Estelle Edison Oeser, Madeleine Edison, William Leslie Edison
MedlemKungliga Vetenskapsakademien
American Philosophical Society
Det sovjetiske vitskapsakademiet
Det russiske vitskapsakademiet
National Academy of Sciences
Naval Advisory Board of Inventions

Thomas Alva Edison (11. februar 184718. oktober 1931) var ein USA-amerikansk oppfinnar og forretningsmann. Trollmannen frå Menlo Park stod for fleire banebrytande oppfinningar, som forbetring av fonografen[1]. Edison var kjend for å æra for oppfinningane til assistentane sin, og til andre oppfinnarar. Det var til dømes ikkje Edison som fann opp det elektriske ljoset. Det var fleire som hadde arbeid med elektrisk ljor før Edison, som til dømes James Bowman Lindsay, Moses G. Farmer, William E. Sawyer, Joseph Swan og Heinrich Göbel. Men det var Edison som fyrst klarte å laga ein versjon som kunne produserast industrielt.

Edison var fødd i Milan i staten Ohio, og voks opp i Port Huron i Michigan. Han hadde vore tunghøyrt sidan tidleg i oppveksten då han vart tilsett som telegrafist på 1860-talet. Før han saman med faren sette opp laboratoriet i Menlo Park i 1876, der han gjorde størstedelen av oppfinningane sine, hadde han selt snopjarnbanen, arbeidd som griseslaktar og vore grønsakshandlar.

A Day with Thomas Edison (1922)

I alt 1 093 patent vart registrerte i Edison sitt namn, men mange av desse var betringar av gamle patent, og Edison var illgjeten for å taka æra åt assistentane sine når dei gjorde oppfinningar. Ein av desse assistentane var Nikola Tesla, som braut med Edison og etter kvart gjorde stor lukke for seg sjølv.

Kjelder

  1. Edison, T.A., An improvement in phonograph or speaking machines, US patent 200.521, 19/2-1878.
Spire Denne historieartikkelen som har med teknologi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.