Brom
| ||||||||||||||||||||
Generelle eigenskapar | ||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Namn, kjemisk symbol, atomnummer |
Brom, Br, 35 | |||||||||||||||||||
Kjemisk serie | Halogen | |||||||||||||||||||
Gruppe, periode, blokk | 17, 4, p | |||||||||||||||||||
Tettleik, hardleik | 3119 kg/m3, n.a. (ikkje SI) | |||||||||||||||||||
Utsjånad | Raudbrunt, flytande | |||||||||||||||||||
Atomeigenskapar | ||||||||||||||||||||
Atommasse | 79,904 u (ikkje SI) | |||||||||||||||||||
Atomradius (berekna) | 115 (94) pm | |||||||||||||||||||
Kovalent radius | 114 pm | |||||||||||||||||||
Ioneradius | 182 pm (ladning: −1) | |||||||||||||||||||
van der Waals radius | 185 pm | |||||||||||||||||||
Elektronkonfigurasjon | [Ar] | |||||||||||||||||||
Elektron per energinivå | 2, 8, 18, 7 | |||||||||||||||||||
Oksidasjonstrinn (oksid) | −1, +1, +3, +5 (sterk syre) | |||||||||||||||||||
Krystallstruktur | Ortorombisk | |||||||||||||||||||
Fysiske eigenskapar | ||||||||||||||||||||
Tilstandsform | Væske | |||||||||||||||||||
Smeltepunkt | 265,8 K (−7,4°C) | |||||||||||||||||||
Kokepunkt | 332 K (59°C) | |||||||||||||||||||
Molart volum | 19,78 cm3/mol | |||||||||||||||||||
Fordampingsvarme | 15,438 kJ/mol | |||||||||||||||||||
Smeltevarme | 5,286 kJ/mol | |||||||||||||||||||
Damptrykk | 5800 Pa ved 280 K | |||||||||||||||||||
Ljodfart | 206 m/s ved 20 °C | |||||||||||||||||||
Diverse eigenskapar | ||||||||||||||||||||
Elektronegativitet | 2,96 (Paulings skala) | |||||||||||||||||||
Spesifikk varmekapasitet | 480 J/(kg·K) | |||||||||||||||||||
Elektrisk konduktivitet | 1,3·10−16 MS/m | |||||||||||||||||||
Termisk konduktivitet | 0,122 W/(m·K) | |||||||||||||||||||
Ioniseringspotensial | 1 140 kJ/mol 2 103 kJ/mol 3 470 kJ/mol 4 560 kJ/mol 5 760 kJ/mol 8 550 kJ/mol 9 940 kJ/mol 18 600 kJ/mol | |||||||||||||||||||
Mest stabile isotopar | ||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||
SI-einingar og STP er brukt unntatt der det er avmerkt |
Brom er eit ikkje-metallisk grunnstoff med kjemisk symbol Br og atomnummer 35. Det er eit halogen og ligg i gruppe 17 i periodesystemet.
Eigenskapar
Brom er ei raudbrun, sterkt luktande væske. Det er det eine av to grunnstoff som er flytande ved romtemperatur. (Det andre er kvikksølv).
Bromdamp er giftig å pusta inn. Flytande brom er svært etsande på hud, og bromsår vil nærmast ikkje gro utan hudtransplantasjon.
Førekomst
Grunnstoffet brom føreligg ikkje fritt i naturen, men kan framstillast frå uorganiske bromsalt som finst i visse mineral og i sjøvatn (ca. 0,01% i havet, ca. 0,5% i Daudehavet).
Sambindingar og bruk
Brom blir brukt i produksjon av mange ulike bromsambindingar, t.d. fargestoff og medisinar.
Brom dannar fleire uorganiske syrer i sambinding med hydrogen og oksygen. Desse syrene er bromsyre (HBrO3), bromsyrling (HBrO2), underbromsyrling (HBrO), og hydrogrenbromid (HBr). Salta av desse syrene kallast bromat, bromitt, hypobromitt og bromid. Eit døme på naturlege bromsalt er natriumbromid (NaBr). Kunstige bromsalt, t.d. sølvbromid (AgBr), blir brukt i framkalling av fotografi.
Av kunstig framstilte organiske bromsambindingar kan nemnast 1,2-dibrometan (BrH2C-CH2Br), som tidlegare vart brukt for å justera oktantalet i blybensin, og halonar som halon 1301 (bromtrifluormetan, CF3Br) og halon 1211 (bromklordifluormetan, CF2BrCl), som blir brukte til brannslukking.
Biologisk rolle
Sjå også
- Fotografi
- Haloalkan
- Periodesystemet
- Grunnstoffliste
- Isotoptabell