Benedikt XV (fødd Giacomo della Chiesa, 21. november 1854–22. januar 1922) var pave frå 3. september 1914 til han døydde i 1922.
Benedikt var fødd Giacomo della Chiesa i ein adeleg familie i Genova. Han tok den juridiske doktorgraden i 1875, og studerte seinare ved presteskolar og ved Vatikanets diplomatakademi, før han gjorde karrière som diplomat i teneste for pavestolen.
I 1907 avslutta han den diplomatiske tenesta og vart erkebiskop av Bologna. I 1914 vart han utnemnd til kardinal, og i den eigenskapen heldt han ei tale ved utbrotet av fyrste verdskrig om kyrkja sin posisjon og kyrkja sine plikter, der han la vekt på kyrkja måtte vere nøytral, fremje fred og bote all liding. Konklavet opna i slutten av august, og den 3. september vart Giacomo della Chiesa vald til pave. Han tok namnet Benedikt XV.
Pontifikatet hans vart dominert av krigen og alle omkastingane som følgde med. Han organiserte omfattande humanitære aksjonar, mellom anna skipa han eit byrå som skulle hjelpe krigsfangar frå alle nasjonar å kontakte familiane sine, og gjorde fleire forsøk på å forhandle fred (mellom anna det velkjente pavelege forslaget frå 1917), men alle sider såg på han som vennlegsinna ovanfor fienden og var uvillige til å akseptere vilkåra han føreslo. Vatikanet vart ikkje tekne med i fredsforhandlingane då krigen slutta, men paven skreiv ut ein encyklika, Pacem Dei munus, der han bad om internasjonal forsoning. I etterkrigstida la han ned mykje arbeid i å utvikle den kyrkjelege administrasjonen til betre å kunne handtere det nye samfunnet som utvikla seg.
Bakgrunnsstoff
|
---|
Første hundreåret til 400-talet | Peter • Linus • Kletus I • Klemens I • Evaristus • Aleksander I • Sixtus I • Telesphorus • Hyginus • Pius I • Anicetus • Soter • Eleutherus • Viktor I • Zephyrinus • Calixtus I • Urban I • Pontianus • Anterus • Fabianus • Cornelius • Lucius I • Stefan I • Sixtus II • Dionysius • Felix I • Eutychianus • Gaius • Marcellinus • Marcellus I • Eusebius • Miltiades • Sylvester I • Markus • Julius I • Liberius • Damasus I • Siricius • Anastasius I • Innocent I • Zosimus • Bonifatius I • Celestinus I • Sixtus III • Leo I • Hilarius • Simplicius • Felix III • Gelasius I • Anastasius II • Symmachus |
---|
500-talet til 900-talet | Hormisdas • Johannes I • Felix IV • Bonifatius II • Johannes II • Agapetus I • Silverius • Vigilius • Pelagius I • Johannes III • Benedikt I • Pelagius II • Gregor I • Sabinianus • Bonifatius III • Bonifatius IV • Adeodatus I • Bonifatius V • Honorius I • Severinus • Johannes IV • Theodor I • Martin I • Eugenius I • Vitalianus • Adeodatus II • Donus • Agatho • Leo II • Benedikt II • Johannes V • Konon • Sergius I • Johannes VI • Johannes VII • Sisinnius • Konstantin I • Gregor II • Gregor III • Zacharias • (Stefan) • Stefan II • Paul I • Stefan III • Hadrian I • Leo III • Stefan IV • Paschalis I • Eugenius II • Valentinus • Gregor IV • Sergius II • Leo IV • Benedikt III • Nikolas I • Hadrian II • Johannes VIII • Marinus I • Hadrian III • Stefan V • Formosus • Bonifatius VI • Stefan VI • Romanus • Theodor II • Johannes IX • Benedikt IV • Leo V • Sergius III • Anastasius III • Lando • Johannes X • Leo VI • Stefan VII • Johannes XI • Leo VII • Stefan VIII • Marinus II • Agapetus II • Johannes XII • Benedikt V • Leo VIII • Johannes XIII • Benedikt VI • Benedikt VII • Johannes XIV • Johannes XV • Gregor V • Sylvester II |
---|
1000-talet til 1400-talet | Johannes XVII • Johannes XVIII • Sergius IV • Benedikt VIII • Johannes XIX • Benedikt IX • Sylvester III • Benedikt IX • Gregor VI • Klemens II • Benedikt IX • Damasus II • Leo IX • Viktor II • Stefan IX • Nikolas II • Aleksander II • Gregor VII • Viktor III • Urban II • Paschalis II • Gelasius II • Calixtus II • Honorius II • Innocens II • Celestinus II • Lucius II • Eugenius III • Anastasius IV • Hadrian IV • Aleksander III • Lucius III • Urban III • Gregor VIII • Klemens III • Celestinus III • Innocens III • Honorius III • Gregor IX • Celestinus IV • Innocens IV • Aleksander IV • Urban IV • Klemens IV • Gregor X • Innocens V • Hadrian V • Johannes XXI • Nikolas III • Martin IV • Honorius IV • Nikolas IV • pave Celestinus VCelestinus V • Bonifatius VIII • Benedikt XI • Klemens V • Johannes XXII • Benedikt XII • Klemens VI • Innocens VI • Urban V • Gregor XI • Urban VI • Bonifatius IX • Innocens VII • Gregor XII • Martin V • Eugenius IV • Nikolas V • Calixtus III • Pius II • Paul II • Sixtus IV • Innocens VIII • Aleksander VI • Pius III |
---|
1500-talet til 1900-talet | |
---|
2000-talet til idag | |
---|
|