176
176 var eit skotår som byrja på ein sundag i den julianske kalenderen. I Romarriket på denne tida var det kjend som året då Proculus og Aper var konsular, eller sjeldnare, som år 929 ab urbe condita.
Hendingar
Romersk aureus slått i 176 med Marcus Aurelius krona med laurbærkrans på eine sida og lukkegudinna Felicitas på den andre.
- 27. november: Keisar Marcus Aurelius gav sonen Commodus status som imperator og gjorde han til øvste leiar for dei romerske legionane.[1]
- 23. desember: Marcus Aurelius og Commodus gjekk inn i Roma i triumf etter ein militærkampanje nord for Alpane der dei sigra over germanske stammar.[2]
Fødde
- Fa Zheng, rådgjevar til keisar Liu Bei av Shu Han
Døde
Kjelder
- ↑ McLynn, Frank (2009), Marcus Aurelius: warrior, philosopher, emperor, Bodley Head, s. 400 Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
- ↑ Long, George; Flint, W. Russell (2005), The Thoughts of the Emperor Marcus Aurelius Antoninus, Kessinger Publishing, s. xvii, ISBN 978-1-4179-6410-9 Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.